Bush House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bush House

Bush House er eit bygningskompleks i den sørlege enden av Kingsway i London, mellom Aldwych og Strand. Det består av ein sentralbygning og fire fløyer. Eigaren av bygningen er det japanske selskapet Kato Kagaku. HM Revenue and Customs held til i den sørvestlige fløya, medan blant andre Dundas & Wilson har lokale i den sørvestlege fløya.

Nordvestfløya

BBC World Service heldt til i Bush House i 70 år, frå vinteren 1941 til sommaren 2012. Den siste BBC-sendinga frå Bush House gjekk på lufta 12. juli 2012. BBC World Service held no til i Broadcasting House.

Sentralbygget og dei fire fløyene vart oppførte mellom 1923 og 1935, og både oppdragsgiveren, arkitekten og dei første eigarane var amerikanarar. Komplekset har namn etter Irving T. Bush, som fekk byggjeløyve i 1919. Bygget var planlagt som eit stort handelssentrum og vart teikna av Harvey Wiley Corbett. 4. juli 1925 fann opninga stad. I 1929 vart det hevda at bygningen var den mest kostbare i heile verda, etter at det var brukt rundt to millionar pund på bygginga.

Etter at ei landmine førte til skadar på Broadcasting House i London den 8. desember 1940, flytta BBC European Service inn i søraustfløya i Bush House. I 1958 flytta resten av BBC Overseas Service inn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]