Bushen

Busen (engelsk the bush) er eit daglegdags uttrykk for grisgrendte eller aude område fleire ulike stadar, blant anna i Australia, New Zealand, Afrika sør for Sahara, Canada og Alaska. Den nøyaktige definisjonen varierer mellom ulike område og ulike tider. Ordet er truleg avleidd frå nederlandsk bosch, ‘skog’, og blei opphavleg nytta med denne tydinga. Etterkvart fekk det ulike valørar knytte til dei villare eller meir naturlege delane av ulike engelske koloniar.[1][2]
I Australia blir den lokale bushen ofte rekna som ein viktig del av den nasjonale identiteten.[3] Han opptrer i litteraturen både som ein trugande og ein særmerkt stad med mystiske, andelege eigenskapar.[1] Ordet blir nytta i ei rekkje australsk-engelske uttrykk, som bush band, bush dance, bush tucker, bush mechanic, bush ballad og bushranger.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 William H. Wilde; Joy Hooton; Barry Andrews (1994). Bush (2. utg.). Oxford University Press.
{{cite book}}:|work=ignored (hjelp) - ↑ Harry Orsman; Roger Robinson (2006). bush. Oxford University Press.
{{cite book}}:|work=ignored (hjelp) - ↑ Kathryn Wells (1. mars 2011). «The Australian bush» (på engelsk). australia.gov.au. Arkivert frå originalen 27. mai 2015. Henta 12. juni 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Bushen» frå Wikipedia på svensk, den 25. juni 2026.