Hopp til innhald

Buskerud fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buskerud fylkeskommune)
«Buskerud» omdirigerer hit. For det tidlegare amtet, sjå Buskeruds amt.
Buskerud fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Drammen
Areal 14 694 km²
   land 13 567 km²
   vatn 1 127 km²
Folketal 271 248  (1. januar 2025)
Folketettleik 20 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland
Fylkesordførar Tore Opdal Hansen (H)
Fylkesnummer 33
Kart
Buskerud fylke
60°30′N 9°30′E / 60.5°N 9.5°E / 60.5; 9.5
Wikimedia Commons: Buskerud
Nettstad: bfk.no

Buskerud er eit fylke i Noreg og ein valkrins til stortingsval.[1] Det grensar til Vestfold og Telemark i sør, til Vestland i nordvest, til Innlandet i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Frå 2020 til 31. desember 2023 var Buskerud ein del av Viken fylke.[2] Fylket blir administrert frå Drammen.

Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum, ein statseigedom som lenge husa futane for Buskerud futedømme. Fram til 1919 heitte fylket «Buskeruds amt».[2]

Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn.[2] Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom. Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruveneKongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er kvit nykkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. Om lag 7 % av fylket ligg under 150 moh., medan 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.

I januar er middeltemperatur frå -8 °C til -11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå -30 °C til -35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med -38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Kart Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
3301
Drammen kommune
Drammen kommune
 Drammen Drammen 105 452 317 nøytral Drammensregionen
3303
Kongsberg kommune
Kongsberg kommune
 Kongsberg Kongsberg 29 011 792 nøytral Kongsberg
3305
Ringerike kommune
Ringerike kommune
 Ringerike Hønefoss 31 793 1 555 bokmål Ringeriksregionen
3310
Hole kommune
Hole kommune
 Hole Vik 7 065 195 bokmål Ringeriksregionen
3312
Lier kommune
Lier kommune
 Lier Lierbyen 28 642 301 bokmål Drammensregionen
3314
Øvre Eiker kommune
Øvre Eiker kommune
 Øvre Eiker Hokksund 20 861 457 bokmål Drammensregionen
3316
Modum kommune
Modum kommune
 Modum Vikersund 14 664 515 bokmål Midt-Buskerud
3318
Krødsherad kommune
Krødsherad kommune
 Krødsherad Noresund 2 235 375 nøytral Midt-Buskerud
3320
Flå kommune
Flå kommune
 Flå Flå 1 117 704 bokmål Hallingdal
3322
Nesbyen kommune
Nesbyen kommune
Nesbyen kommune Nesbyen Nesbyen 3 266 810 bokmål Hallingdal
3324
Gol kommune
Gol kommune
 Gol Gol 4 888 533 nynorsk Hallingdal
3326
Hemsedal kommune
Hemsedal kommune
 Hemsedal Trøym 2 685 753 nynorsk Hallingdal
3328
Ål kommune
Ål kommune
Ål kommune Ål Ål 4 835 1 171 nynorsk Hallingdal
3330
Hol kommune
Hol kommune
 Hol Hol 4 527 1 858 nøytral Hallingdal
3332
Sigdal kommune
Sigdal kommune
 Sigdal Prestfoss 3 530 842 bokmål Midt-Buskerud
3334
Flesberg kommune
Flesberg kommune
 Flesberg Lampeland 2 797 562 bokmål Numedal
3336
Rollag kommune
Rollag kommune
 Rollag Rollag 1 414 449 nøytral Numedal
3338
Nore og Uvdal kommune
Nore og Uvdal kommune
 Nore og Uvdal Rødberg 2 466 2 502 nøytral Numedal
Totalt
Buskerud
Buskerud
 Buskerud Drammen 271 248 14 694 nøytral Austlandet

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

Dei 47 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.[3]

Partifordeling etter valet i 2023:

Parti:Representantar:
Høgre15
Arbeidarpartiet10
Framstegspartiet6
Senterpartiet5
Industri- og Næringspartiet2
Miljøpartiet dei grøne2
Sosialistisk Venstreparti2
Venstre2
Kristeleg Folkeparti1
Pensjonistpartiet1
Raudt1

Tore Opdal Hansen (H) er fylkesordførar, medan Lavrans Kierulf (Frp) er fylkesvaraordførar.

Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Offentleg administrasjon, tenesteyting og varehandel/overnattings- og serveringsverksemd var dei viktigaste næringane i fylket i 2019.[2] Drammen er ei viktig importhamn for bilar, og handel med og reparasjon av motorvogner er dermed eit stort næringsområde for Buskerud.[2] Buskerud er også eit viktig turistfylke, særleg i vinterhalvåret.[2] Mange turistar vitjar midtre og øvre Hallingdal.[2]

  1. Mordt, Henriette (1. mars 2017), «Vi blir ikke helt kvitt fylket med nye regioner», NRK (på norsk bokmål), henta 1. januar 2024
  2. 1 2 3 4 5 6 7 Thorsnæs, Geir (20. desember 2023). «Buskerud». Store norske leksikon (på norsk).
  3. «Fylkestingets medlemmer». Buskerud fylkeskommune. Henta 10. januar 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]