Bussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bussen
fjell
none
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Område Baden-Württemberg
Fjellkjede Dei schwabiske Alpane
Høgd 787 moh
Koordinatar 48°10′N 9°33′EKoordinatar: 48°10′N 9°33′E
Wikimedia Commons: Bussen

Bussen er eit fjell sør i Tyskland i regionen Oberschwaben og har ei høgd på 787 meter over havet. Det vert òg kalla «Det heilage fjellet i Oberschwaben» og ligg på grensa mellom Dei schwabiske Alpane og Oberschwaben. Staden er ein viktig pilegrimsstad og gjev eit flott utsyn så langt som til Alpane, som ligg meir enn 100 km lenger sør.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bussen ligg vest i landkreis Biberach i delstaten Baden-Württemberg mellom innsjøen Federsee og byen Riedlingen. Det er eit av dei høgaste fjella i Oberschwaben. I klårvêr kan ein sjå Münster i Ulm i tillegg fjella som strekkjer seg frå Füssen sør i Bayern til Säntis i Sveits. Landsbyen Offingen, som høyrer til kommunen Uttenweiler, ligg på sørsida av Bussen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart danna i lag med Alpane under tertiærtida. Fjellet består av eit 8 meter tjukt lag av kalkstein og under den siste istida klarte ikkje isbreane og jamne ut fjellet, som derfor framleis står i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bussen, om lag 1903

Bussen har vorte vitja og akta sidan førhistorisk tid. Keltarane brukte fjellet til ofringar, og ei kyrkje på toppen av fjellet vart nemnd i eit dokument frå regjeringstida til Karl den store i 805, då kyrkja vart overført til klosteret i St. Gallen. Frå denne tida har Bussen vore ein pilegrimsstad.

1200-talet vart det bygd eit kongeleg slott av Hohenstaufen. Etter at dette dynastiet braut saman, vart slottet eigd av grevane av Veringen, og kom slik under huset Habsburg. I 1387 lånt bort til Seneschal av Waldburg. Dei militære og politiske funksjonane til Bussen stoppa opp i 1633, då slottet vart øydelagt av svenske troppar under trettiårskrigen.

I 1786 selde Waldburg-dynastiet herskapet Bussen til Prins Karl Anselm von Thurn und Taxis. Etter Reichsdeputationshauptschluss, mediatiseringa og sekulariseringa av mange langvarige og kyrkjelege fyrstedøme i det tidlegare tysk-romerske riket vart herskapet annektert av det nyoppretta kongedømet Württemberg i 1806.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kolb, Gerhard (1999). Alpenpanorama vom Bussen. 300 km Föhnsicht vom Karwendel bis zu den Viertausendern des Berner Oberlands. Tübingen: Silberburg-Verlag. ISBN 3-87407-298-3.
  • Kramer, Ferdinand (2005). Der Bussen, heiliger Berg Oberschwabens, mit seiner Kirche und Geschichte, zur 1200-Jahrfeier der Bussenkirche 2005. Bad Buchau: Federsee-Verlag. ISBN 3-925171-60-6.
  • Paul, Josef; Mandel, Josef (1991). Offingen. Der Bussen und die Marienwallfahrtskirche. Passau: Kunstverlag Peda. ISBN 3-927296-36-8.
  • Schneiders, Toni; Karl Bertsch, Karl, Walther Schmidt (1955). Oberschwaben. Das Land um den Bussen mit seinen Städten und Barockkirchen. Lindau: Thorbecke. ASIN B0000BNGDH.
  • Selig, Theodor (1987). Um den Bussen. Heimatgeschichtliche Forschungen und Erzählungen. Bad Buchau: Federsee-Verlag. ISBN 3-925171-16-9.
  • Uhl, Stefan (1998). Die Burg auf dem Bussen und ihre Geschichte. Bad Buchau: Federsee-Verlag. ISBN 3-925171-36-3.