Bustadoppføringslova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bustadoppføringslova er kortforma for ei lov som har det fulle namnet Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova). Lova er lov av 13. juni 1997 nr. 43.

Lova regulerer avtalar mellom entreprenør og forbrukar om oppføring av ny eigarbustad. Den gjeld også for likearta avtalar, så som avtale om arbeid som vert utført direkte som ledd i oppføring av ny bustad, og avtalar om rett til fast eigedom med ny eigarbustad, når arbeid som entreprenøren står for, enno ikkje er fullført på avtaletida. Full ombygging skal reknast likt med oppføring. Lova gjeld også for tilsvarande avtalar om oppføring av fritidshus, oppføring av eigarseksjon og tilsvarande for avtalar om oppføring av husvære i burettslag.

Forarbeida til lova er særleg NOU 1992:9 Forbrukarentrepriselov, NOU 1993:20 Kjøp av ny bustad og Ot prp nr 21 (1996/97).

Det hadde tidlegare ikkje vore lovregulering av slike byggekontrakter i Noreg. Dette trass i det store økonomiske omfanget av slike avtalar, og at avtale om oppføring av ny bustad er den største økonomiske avtalen dei fleste i Noreg inngår i løpet av livet.

Til ei viss grad var forbrukarane hjelpte av at det i lang tid før lova kom, var utarbeidde bygge- og anleggskontrakter som fleire Norsk Standard (NS). Særiøse entreprenørar brukte desse kontraktene. Det er no eigne Norsk Standard (NS) for både avtalar etter bustadoppføringslova og for avtalar mellom entreprenør og annan byggherre enn den som er forbrukar.

For avtalar om byggearbeid e.l. på bygg o.l. som ikkje er under oppføring, gjelder Handverkartenestelova, Lov om håndverkertjenester m.m for forbrukere av 16. juni 1989 nr 63. For sal av bustad som ikkje er ferdig oppført, gjeld Avhendingslova, Lov om avhending av fast eigedom (avhendingslova) av 3. juli 1992 nr. 93.

I bustadoppføringslova er det både nye reglar, og kodifisering av dei vanlege rettsreglane for avtale om entreprisearbeid. Reglane i lova er for det meste tvingande, såkalla preseptoriske lovreglar. Lova skal hindre at forbrukaren får dårlege avtalar og gir derfor reglar om kva som det er lovleg å avtale. Det er såleis ikkje lovleg å avtale eller gjere gjeldande vilkår som er dårlegere for forbrukarane enn det som følgjer av lova sine reglar. Viss forbrukaren inngår avtale som er i strid med lova, vil ikkje dei lovstridige avtalevilkåra vere bindande for forbrukaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]