Bustadsparing for ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bustadsparing for ungdom (BSU) er ei spareteneste som blir tilbode av dei fleste bankane i Noreg. BSU fungerer slik at ein opprettar ein eigen BSU-konto i ein bank der innskota gjev skattefordelar, men er øyremerka utgifter til kjøp av eigen bustad.

Meir om ordninga[endre | endre wikiteksten]

BSU er avgrensa slik:

  • Maksimalt innskot per år er kr. 25 000 frå og med inntektsåret 2014.[1][2] Skattefrådrag for bustadsparing vert gjeve med 20 % av innbetalt sparebeløp, altså opp til kr. 5 000.
  • Maksimalt innskot totalt som gjev skattefordelar er kr. 200 000.
  • BSU kan gje skattefordelar til og med inntektsåret der den som sparar fyller 33 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]