Bustan HaGalil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°57′4.32″N 35°4′58.07″E
Bustan HaGalil
בֻּסְתַּן הַגָּלִיל
kibbutz
Namneopphav: Frukthage i Galilea
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°57′4.32″N 35°4′58.07″E
Folketal 450 (2005)
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Rumenske jødar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bustan HaGalil

Bustan HaGalil (בֻּסְתַּן הַגָּלִיל eller בוסתן הגליל tyder Frukthagen i Galilea) er ein moshav i Vest-Galilea nord i Israel, nær Akko. Han høyrer til Mateh Asher regionale kommune og vart grunnlagd i 1948 av Holocaust-overlevande frå Romania. Namnet er symbolsk og syner til frukthagane i området.[1]

Bustan HaGalil

Bustan HaGalil ligg på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Al-Manshiyya, som låg nord for landsbyen.[2]

Etter den arabisk-israelske krigen 1948 kom innbyggjarar frå moshaven Beit Yosef og slo seg saman med dei. I 2005 hadde han eit folketal på kring 450. I moshaven ligg Sydney Smith-brakkene, der St. Jean d'Acre-våpenkvilen, som enda det syrisk-libanesiske felttoget under andre verdskrigen i 1941, vart signert.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mapa's concise gazetteer of Israel (på hebraisk). Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 55. ISBN 965-7184-34-7. 
  2. Khalidi, 1992, "All That Remains," p. 23
  3. Time Magazine in partnership with CNN, "Acre Pact", 21 July 1941

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]