Buster Keaton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buster Keaton

Statsborgarskap USA
Fødd 4. oktober 1895
Piqua
Død

1. februar 1966 (70 år)
Woodland Hills

Yrke filmskodespelar, filmprodusent, skribent, filmklyppar, manusforfattar, komikar, stuntmann, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, pantomimekunstner, filmregissør, skodespelar, regissør
Språk engelsk
Høgd 165 centimeter
Far Joe Keaton
Mor Myra Keaton
Ektefelle Natalie Talmadge, Eleanor Keaton
Nettstad http://www.busterkeaton.com
Buster Keaton på Commons

Buster Keaton, fødd Joseph Frank Keaton Jr., (4. oktober 18951. februar 1966) var ein populær stumfilmskodespelar og regissør frå USA. Han var kjend under tilnamnet «Stoneface» på grunn av det urørlege, men livfulle pokerfjeset sitt.

Keaton var fødd i Piqua i Kansas som barn av vaudevillestjernene Joe og Myra Keaton. Han fekk tilnamnet Buster då han deltok som barn i opptredenane til foreldra og blei kasta rundt.

Keaton forkledd med eit slips i ein av filmane sine.

Etter å ha delteke i første verdskrigen kom han til eit filmstudio i 1917 og laga sin første kortfilm, The Butcher Boy, instruert av Roscoe Arbuckle. Keaton lagde 15 kortfilmar for Arbuckle, men i 1920 laga han sin første spelefilm og i 1921 starta han selskapet Buster Keaton Productions der han frå då av skreiv, instruerte og spelte i sine eigne filmar. Filmane til Keaton er prega av slapstick-komikk blanda med lett tragiske element av ein ung mann som ofte må gå gjennom mykje for å få jenta han elskar.

Som mange andre stumfilmstjerne klarte ikkje Keaton overgangen til lydfilm. Han hadde grov stemme og sleit med å seie replikkar. I 1959 mottok han ein æresoscar for verket sitt. Han har òg fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame. Keaton døydde av lungekreft i Los Angeles i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.