Butch Reynolds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Butch Reynolds
Statsborgarskap USA
Fødd 8. juni 1964
Akron
Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Harry Lee Reynolds, kjend som Butch Reynolds, (fødd 8. juni 1964) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som var verdsrekordhaldar på 400 meter i perioden 1988-99 med tida 43,29 sekundar. Han vann i åra 1987-93 OL-sølv, to VM-sølv og ein VM-bronse på 400 m, og var med om å vinne gullmedaljen i 4 x 400 m stafett i VM 1987, Sommar-OL 1988, VM 1991 og VM 1993.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Reynolds kom på tredjeplass på 400 meter i verdsmeisterskapen 1987, før han som ankermann sprang USA inn til ein klar siger i 4 x 400 m stafett. Den 17. august 1988 i Zürich forbetra han den 20 år gamle verdsrekorden på 400 meter med heile 0,57 sekund til 43,29 sekundar, ein rekord som skulle stå til landsmannen Michael Johnson slo den under VM i friidrett 1999. Under dei olympiske sommarleikane i Seoul seks veker seinare vart Reynolds med tida 43,93 nummer to på 400 m, 0,06 sekund bakom landsmannen Steve Lewis. Reynolds fekk så gleda med å springe USA inn til gull og verdsrekord i 4 x 400 m stafett, heile 4 sekund føre sølvlaget frå Jamaica.

Ein toårsperiode i 1990-92 var Reynolds grunna dopingstraff borte frå friidrettsbana. Han kvalifiserte seg til verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart, der han vann sølv på 400 m og gull i 4 x 400 m stafett. I 400-meterfinalen var han sjanselaus mot Michael Johnson, medan han saman med Andrew Valmon, Quincy Watts og Johnson forbetra verdsrekorden til 2.54,29, ein rekord som framleis gjeld i 2019. To år seinare kopierte Reynolds i Göteborg-VM medaljehausten frå Stuttgart, med sølv på 400-meteren og gull i stafetten.

Reynolds tok seg til semifinale på 400 m under Sommar-OL 1996 i Atlanta, eit løp han braut. Han la deretter opp.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1990 testa Lewis positivt i ein dopingkontroll, og Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) stengde han ute frå idretten i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Bronse på 400 m – 44,80. Gull i 4 x 400 m stafett (2.57,2)
  • OL 1988 i Seoul: Sølv på 400 m – 43,93. Gull i 4 x 400 m stafett (2.56,1)
  • VM 1993 i Stuttgart: Sølv på 400 m – 44,13. Gull i 4 x 400 m stafett (2.54,2)
  • VM 1995 i Göteborg: Sølv på 400 m – 44.22. Gull i 4 x 400 m stafett (2.57,3)
  • OL 1996 i Atlanta: Braut semifinalen (=nr 16)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]