Butch Trucks
| Butch Trucks | |||
| Trucks i 2007 | |||
| Fødd | 11. mai 1947 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Jacksonville i Florida i USA | ||
| Død | 24. januar 2017 (69 år) | ||
| Dødsstad | West Palm Beach i Florida i USA | ||
| Fødenamn | Claude Hudson Trucks | ||
| Alias | Butch Trucks | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1964–2017 | ||
| Sjanger | Southern rock | ||
| Instrument | Trommer | ||
| Tilknytte artistar | The Allman Brothers Band, The 31st of February, Les Brers, Butch Trucks & the Freight Train Band, Frogwings | ||
| Plateselskap | Flying Frog | ||
| Verka som | Musikar | ||
Claude Hudson «Butch» Trucks (11. mai 1947–24. januar 2017) var ein USA-amerikansk trommeslagar. Han var mest kjend som opphavleg medlem i The Allman Brothers Band, som ein av to trommisar i bandet i lag med Jai Johanny Johanson. Trucks vart fødd og voks opp i Jacksonville i Florida. Han spelte i forskjellige grupper før ha han skipa The 31st of February på Florida State University i midten av 1960-åra. Han kom med i The Allman Brothers Band i 1969. Konsertalbumet deira frå 1971, At Fillmore East, vart det store gjennombrotet deira. Gruppa vart ei av dei mest populære i 1970-åra med sterke konsertar og fleire suksessrike album. Sjølv om bandet vart oppløyst og kom saman att fleire gonger, var Trucks med konstant i den 45 år lange karrieren deira.
I 1999 kom nevøen til Trucks, gitaristen Derek Trucks, med i The Allman Brothers Band. 24. januar 2017 tok Trucks livet sitt med eit skytevåpen, visstnok etter fleire år med økonomiske problem.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Butch Trucks» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Grow, Kory (9. september 2018). «Butch Trucks, Allman Brothers Band Drummer and Co-Founder, Dead at 69». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. januar 2017. Henta 9. september 2018.