Buteo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Buteo


Breivengvåk, Buteo platypterus Foto: Len Blumin
Breivengvåk, Buteo platypterus
Foto: Len Blumin
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Slekt: Buteo
Vitskapleg namn
Buteo
Lacépède, 1799

Buteo er ei biologisk slekt av rovfuglar og medlem av haukefamilien, Accipitridae. Dette er artar av våkar som varierer i storleik, fjørdrakt og utbreiing. Den totale utbreiinga dekker mykje av alle kontinenta, dei har likevel fråvere frå Australasia og Antarktis. I Stillehavet finst det artar på Hawaii, Galapagos og øyar aust for Japan. Eit stort fleirtal av Buteo-våkane som ikkje er isolerte øyartar, er i meir eller mindre grad trekkfuglar, vanen er mest regelbunden for artane som hekkar på den nordlege halvkula.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sjakalvåk, Buteo rufofuscus, bilete frå Lesotho
Foto: Bram ter Keurs

Dette er robust bygde rovfuglar med breie venger. I flukta syner vengene ein svakt kurva bakkant, dei ytste handsvingfjørene kan vise fleire korte «fingrar». Handsvingfjørene spriker ikkje så mykje som hos ørner, likevel kan ein våk likne på ei lita ørn. Halefjørene blir spreidde under sveveflyging, halen synest då brei med avrunda bakkant. Bandhalevåk har relativt lange halefjører, og heile arten syner ei slank kroppsbygging for slekta si. Fjørdraktene er ofte variable innanfor same arten. Mange artar, som til dømes musvåk, har ein lys og ein mørk morf. Augurvåk i Afrika har tre morfar: ei særs mørk draktvariant, ei svart og kvit drakt og ei svart og raudbrun drakt. Også ørnvåk har tre morfar.

Total kroppslengd på Buteo-våkar kan variere frå 32 til 71 cm og vengespenna kan variere frå 69 til 161 cm. Dei minste artane er mellom 32 til 42 cm og lever i Amerika. Dette er breivengvåk, Buteo platypterus, og brunhovudvåk, Buteo auguralis. Øyartane hispaniolavåk, Buteo ridgwayi, og hawaiivåk, Buteo solitarius, er ikkje mykje større, sistnemnte opp til 47 cm. Dei store i slekta er kongevåk, Buteo regalis, i Amerika, og mongolvåk, Buteo hemilasius i Asia. Sistnemte er opptil 71 cm i kroppslengd. Det er ein tendens til at hofuglar har større kroppsmasse enn hannar, for kongevåk opptil 20 % meir.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

12 av dei 29 artane har utbreiing i Amerika, ein art, fjellvåk har sirkumpolar, hekkeutbreiing i Arktis og trekker til den tempererte sona vinterstid. Ein annan art, musvåk, har utbreiing avgrensa til Europa og vestlege Russland aust til grenseområdet mot Mongolia og Kasakhstan. Mange av desse musvåkane overvintrar lengre sør, størst område i sørlege Afrika.

To artar, himalayavåk, Buteo refectus, og amurvåk, Buteo japonicus har utbreiing avgrensa til Asia, seks artar er avgrensa til Afrika, mellom anna skogvåk, Buteo trizonatus som lever i Sør-Afrika, er flyttfugl mellom hekkeområde i Kapp-provinsane i sør, og overvintrar ved Drakensberg i nordaust.

Ein art lever litt inn i tre verdsdelar, Europa, Asia og Afrika: Dette er ørnvåk, Buteo rufinus. Han hekkar og er trekkfugl rundt Kaspihavet, på nordaustlege Balkan, inkludert delar av Romania og Hellas, og Kasakhstan, han er standfugl i Anatolia, Levanten, Iran og nordre Afghanistan, Nordvest-Afrika. Overvintringsområde finst i Sudan til Etiopia og frå sørlege Irak over det meste av Pakistan til austlege India.

Det finst seks isolerte øyartar, dette er hawaiivåk, hispaniolavåk, galapagosvåk, madagaskarvåk, kappverdevåk og sokotravåk. Saman med himalayavåk, flekkvåk, somalivåk og sjakalvåk er dei hovudsakleg standfuglar innanfor sine utbreiingsområde.

Habitat og levevis[endre | endre wikiteksten]

Habitat for Buteo-våkar er gjerne halvopne til opne. Korthalevåk, Buteo brachyurus, er eit unnatak, arten kan sveveflyge inn over skogkledde område på jakt etter bytte, tildømes fuglar i trekroner. Han lever i Sentral-Amerika og nordlege Sør-Amerika aust for Andes.

Typisk for våkar er at dei kan sveveflyge og stige på oppstigande luftstraumar, termikk. Høgda vil variere med art. Ein annan vanleg jaktmetode er å sitte stille på eit utkikkspunkt, til dømes ein stolpe, for å lokalisere byttedyr. Mange Buteo-artar vil veksle mellom begge jaktmetodane, men dei fleste synest å føretrekke å slå byttedyr ved å stikke ned til bakken direkte frå utkikkspunktet. Den sekundære tilnærminga hos mange er at byttet blir oppdaga frå sveveflyging og at våken deretter sirklar ned til bakken.[1] Nokre, som fjellvåk og korthalevåk, kan lokalisere bytte nede på bakken ved å «stille» i lufta.

Alle Buteo-artar er til ein viss grad opportunistiske når det gjeld byttedyr og kan jakte på nesten alle typar små dyr som det blir tilgjengeleg for dei. Likevel har dei fleste ein sterk preferanse for små pattedyr, for det meste gnagarar. Sidan mange gnagarar mest er nattlege, jaktar dei fleste Buteo-våkar hovudsakleg på gnagarar som kan vere delvis aktive i løpet av dagen, noko som kan inkludere ekorn og små mus slik som ørkenmus.

Raudhalevåk kan jakte på større pattedyr, som kaninar, harar og murmeldyr, inkludert til og med dyr som veg så mykje som 2 kg.[2] Nokre tar òg mellomstore fuglar. Dei fleste vaksne individ blant dei minste fugleartane, vil komme seg unna jaktande Buteo-våkar. I kontrast til dei fleste andre våkar er korthalevåk, ein relativt liten og smidig art, lokalt observert som ein fugljaktspesialist.[3] Andre byttedyr kan omfatte slangar, reptil, froskar, fisk, og til og med ulike virvellause dyr, spesielt biller. Hos fleire Buteo-artar som lever i ulike tropiske område, som til dømes nordgråvåk i Sør-Amerika, kan reptil og amfibium dominere dietten lokalt.[1] Til trass for prærievåken sin noko store storleik, er han ein eineståande insektetarspesialist og kan lite på byttedyr som augestikkarar[4] men kan òg ta andre insekt som grashopper og biller under overvintring i sørlege Sør-Amerika.[5] Dei fleste artar vil ete av åtsel, men dette blir nesten alltid sekundært til levande byttedyr.[1]

Buteo-våkar er typiske for haukefamilien i dei fleste sider av hekkeåtferda. Dei byggjer alle eigne reir, ofte er laga av pinnar og anna materialar som dei kan transportere. Reira er vanlegvis plasserte i tre, generelt er valt ut basert på store storleikar og vern mot predatorar, og ikkje etter treslaget. Dei fleste Buteo-våkar hekkar i stabile par, para kan halde saman i fleire år eller for livet, sjølv hos artar som trekker og para skil lag om vinteren. Storleiken på kulla er frå 2 til 4. Hofuglen rugar mest, medan maken kjem med føde. Graden av overleving blant ungane, følgjer av tilgang på passande føde og vernet som finst ved reirplassen mot potensielle predatorar og andre, ofte menneskeskapte uromoment. Som hos mange rovfuglar blir egga klekte med ein eller to dagars mellomrom, og dei eldre, sterke syskena har ein tendens til å ha dei beste sjansane for å vekse opp. Hannfuglane gjer vanlegvis det meste av jakta og hoene rugar, men hannen kan òg gjere noko ruginga medan hoa jaktar. Vanlegvis har unge Buteo-våkar ein tendens til å spreie seg fleire kilometer vekk frå oppvekststaden deira, og streifar rundt i eitt til to år til dei kan finne partner og etablere sitt eige hekketerritorium.[1]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Klassifisering av våkar og haukar har vore i forandring og artar som blir omtala som Buteo-våkar i eldre publikasjonar er ikkje lenger klassifisert slik, men er no sett inn i andre slekter, mellom dei finn ein kvitgumpvåk, Parabuteo leucorrhous, vegvåk, Rupornis magnirostris, og kvithalevåk, Geranoaetus albicaudatus.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Buteo i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Sørgråvåk, Buteo plagiatus, Gray Hawk, Schlegel, 1862, (LC)
  • Nordgråvåk, Buteo nitidus, Gray-lined Hawk, Latham, 1790, (LC)
  • Raudvengvåk, Buteo lineatus, Red-shouldered Hawk, Gmelin, JF, 1788, (LC)
  • Hispaniolavåk, Buteo ridgwayi, Ridgway's Hawk, Cory, 1883, (CR)
  • Breivengvåk, Buteo platypterus, Broad-winged Hawk, Vieillot, 1823, (LC)
  • Hawaiivåk, Buteo solitarius, Hawaiian Hawk, Peale, 1849, (NT)
  • Korthalevåk, Buteo brachyurus, Short-tailed Hawk, Vieillot, 1816, (LC)
  • Kvitstrupevåk, Buteo albigula, White-throated Hawk, Philippi, 1899, (LC)
  • Prærievåk, Buteo swainsoni, Swainson's Hawk, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Galapagosvåk, Buteo galapagoensis, Galapagos Hawk, Gould, 1837, (VU)
  • Bandhalevåk, Buteo albonotatus, Zone-tailed Hawk, Kaup, 1847, (LC)
  • Patagoniavåk, Buteo ventralis, Rufous-tailed Hawk, Gould, 1837, (VU)
  • Raudhalevåk, Buteo jamaicensis, Red-tailed Hawk, Gmelin, JF, 1788, (LC)
  • Fjellvåk, Buteo lagopus, Rough-legged Hawk, Pontoppidan, 1763, (LC)
  • Kongevåk, Buteo regalis, Ferruginous Hawk, Gray, GR, 1844, (LC)
  • Musvåk, Buteo buteo, Common Buzzard, Linné, 1758, (LC)
  • Himalayavåk, 'Buteo refectus, Himalayan Buzzard, Hume, 1875, (LC)
  • Amurvåk, Buteo japonicus, Eastern Buzzard, Temminck & Schlegel, 1844, (LC)
  • Flekkvåk, Buteo oreophilus, Mountain Buzzard, Hartert & Neumann, 1914, (NT)
  • Skogvåk, Buteo trizonatus, Forest Buzzard, Rudebeck, 1957, (NT)
  • Madagaskarvåk, Buteo brachypterus, Madagascar Buzzard, Hartlaub, 1860, (LC)
  • Kappverdevåk, Buteo bannermani, Cape Verde Buzzard, Swann, 1919
  • Sokotravåk, Buteo socotraensis, Socotra Buzzard, Porter & Kirwan, 2010, (VU)
  • Ørnvåk, Buteo rufinus, Long-legged Buzzard, Cretzschmar, 1829, (LC)
  • Mongolvåk, Buteo hemilasius, Upland Buzzard, Temminck & Schlegel, 1844, (LC)
  • Brunhovudvåk, Buteo auguralis, Red-necked Buzzard, Salvadori, 1865, (LC)
  • Augurvåk, Buteo augur, Augur Buzzard, Rüppell, 1836, (LC)
  • Somalivåk, Buteo archeri, Archer's Buzzard, Sclater, WL, 1918
  • Sjakalvåk, Buteo rufofuscus, Jackal Buzzard, Forster, JR, 1798, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Thiollay, J.M. (2018). Hawks, Eagles (Accipitridae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Artsinformasjon henta med hypertekst 'Species table', frå https://www.hbw.com/node/52213 den 4. juli 2018
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ferguson-Lees, J.; Christie, D. (2001). Raptors of the World. London: Christopher Helm. ISBN 0-7136-8026-1. 
  2. White, C.M., Boesman, P. & Marks, J.S. (2018). Red-tailed Hawk (Buteo jamaicensis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/53135 on 4 July 2018).
  3. Ogden, J. C. 1974. The Short-tailed Hawk in Florida. I. Migration, habitat, hunting techniques, and food habits. Auk 91:95-110.
  4. Jaramillo, A. P. 1993. Wintering Swainson's Hawks in Argentina: food and age segregation. Condor 95:475-479.
  5. White, C.M. & Kirwan, G.M. (2018). Swainson’s Hawk (Buteo swainsoni). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/53128 on 4 July 2018).
  6. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Buteo