Butrint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buthrotum)
Amfiteateret i Butrint.
Kapellruinar.

Butrint eller Butrinti er ein historisk by i Albania som står på UNESCO si verdsarvliste. Han ligg på ei lita halvøy mellom Kérkyrasundet og Butrintsjøen, nær den albanske byen Saranda og grensa til Hellas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bymurane rundt Butrint blei til i det fjerde hundreåret f. Kr. Byen blei grunnlagd av illyrarar, dersom ein då ikkje skal tru på Vergil sin Æneide som seier at han blei grunnlagd av den trojanske prinsen Helenus. På denne tida heitte byen Buthrotum. Han blei kjend som ein pilegrimsstad for dei som dyrka Asklepios.

Byen blei overmanna av romarane under Julius Cæsar, og keisar Augustus lét reisa ein koloni her i 167 f. Kr. Butrint blei ein romersk hamneby. Det bysantinske keisardømet tilførte byen rikdom og rundt ti tusen innbyggjarar, fram til tihundretalet, då middelhavsnormannarar og seinare angevinarar og veneziarar kjempa om makta i området. Han blei base for erobrarar i 1081, då normannarprinsen Bohemond bygde ein stor flåte for å ta Konstantinopel, og på 1600-talet, då Suleiman den store prøvde å ta Kérkyra.

Fråflytting og gjenoppdaging[endre | endre wikiteksten]

I løpet av mellomalderen danna det seg myrer i området, og Butrint blei fråflytta. Ved byrjinga av attenhundretalet var det igjen ein beskjeden fiskarlandsby rundt ei veneziansk borg der.

Den historiske byen blei gjennoppdaga i 1928 av den italienske arkeologen Luigi Ugolini. Storstilte utgravingar tok til etter den andre verdskrigen, og blei tekne opp att på 1990-talet. I 1992 kom byen med på UNESCO si liste over verdsarven. Då Albania opplevde sterk uro i 1997 blei muséet i byen plyndra og mange skattar forsvann. Byen blei sett på lista over truga verdsarv ettersom han mangla vernetiltak.

Av ruinane kan nemnast romerske bygg som eit bad, eit amfiteater og ein villa, sakralbygg i form av eit kapell frå firehundretalet og ein basilika frå det neste hundreåret, og ei veneziansk borg frå trettenhundretalet, som no husar eit museum. Byen har òg ein bymur med ein vidkjend port som blir kalla «Løveporten». På sletta utanfor muren finst òg fleire bustadhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Butrint