Butte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merrick's Butte i Monument Valley i Arizona

Ein butte er ein godt synleg, isolert ås med bratte sider, ofte vertikale sider og ein liten, relativt flat topp. Butter er mindre enn mesaer, platå og platåfjell. I somme regionar, som nord og nordvest i USA, vert ordet nytta om alle typar åsar. Ordet butte kjem frå eit fransk ord for «liten ås» og vert mykje nytta i det vestlege USA. På grunn av den særeigne forma er butter ofte kjende landmerke på sletter og i fjellområde.

For å skilje mesaer og butter, nytta geografar ein regel om at ein mesa skal ha ein topp som er breiare enn høgda, medan toppen av ein butte er smalare enn høgda.[1] Tre klassiske butter er Scotts Bluff (i røynda fem butter) i Nebraska, Crested Butte i Colorado og Elephant Butte i New Mexico.

Blant kjende butter utan flat topp i USA finn ein Bear Butte i Sør-Dakota og Black Butte i Oregon. I mange tilfelle har butter fått namn som ikkje nytta ordet butte, som til dømes Courthouse Rock i Nebraska. Somme større åsar er teknisk sett ikkje butter, men har likevel dette i namnet sitt, som Kamiak Butte i Washington State.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Ein butte oppstår ved erosjon når ein hard dekkbergart ligg over eit lag med mindre motstandsdyktig fjell som etter kvart forvitrar og eroderer bort. Det harde berglaget står imot erosjonen. Dekkbergarten vernar dei mindre motstandsdyktige berga under frå abrasjon frå vinden, slik at han vert ståande att som isolert. Etter kvart som toppen vert vidare erodert ved abrasjon og forvitring, fell overskotsmaterialet ned som steinurer kring botnen av butten. På ein mindre skala er det same prosessen som skapar jordpyramidar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mesa and Butte». Science Clarified. 2008. Henta 30. juni 2008. 
  2. Hill, R.T. 1890. A brief description of the Cretaceous rocks of Texas and their economic value. In: Dumble, E.T. (ed.), First Annual Report of the Geological Survey of Texas, 1889. Austin: State Printing Office, pp. 105-141.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]