Buzkashi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buzkashispel i Mazar-e Sharif.

Buzkashi (frå persisk buz-kašī som tyder 'geitedraging')[1] er ein idrett frå Sentral-Asia der spelarar til hest tevlar om å få kontroll over kroppen til ei geit eller ein kalv. Det er rekna som ein nasjonalsport i Afghanistan.

Kasakhisk geitedraging (kokpar) i Mongolia.
Buzkashispel måla av Franz Roubaud (1856–1928).

Spelet er kjend under fleire ulike namn, som kirgisisk ulak tartiş' (улак-тартыш), kasakhisk kokpar (кокпар) og tyrkisk kökbörü[2] eller gökbörü. Det kan førast tilbake til dei nomadiske forfedrane til sentralasiatane, som var dyktige ryttarar. Mongolar skal til dømes ha kunna stela husdyr frå fiendar i fart, utan å gå av hesten. Ei soge om opphavet til buzkashi er at sporten oppstod som ei trening for å motstå slike raid.[3]

Buzkashi kan ha fleire ulike former og reglar. Det finst to hovudformer som er kjende som tudabarai og qarajai. Tudabarai er ei enklare form der målet med spelet er å plukka opp kalven frå ein runding og få han med seg vekk medan ein held seg klar av dei andre spelarane. Qarajai går ut på å ta med seg kalven rundt eit mål på ei side av banen og tilbake til laget sitt skåringsområde.[4]

Reglar[endre | endre wikiteksten]

Buzkashi i Afghanistan.

Spelet er røft og har tradisjonelt hatt få reglar, til dømes berre mot å bruka pisken mot ein motspelar eller dytta han av hesten med vilje. Banet, talet på spelarar og oppførsle kan dermed variera. I eit spel kan kvar spelar tevla for seg sjølv eller ein kan vera på lag. Banen kan vera ein naturleg arena, som eit dalsøkk eller ei elv, eller ein kan ha oppmålt bane.

Standardiserte afghanske reglar[endre | endre wikiteksten]

Reglane blir berre følgde i områda rundt Kabul.[3]

  1. Banen er kvadratisk med kvar side på 400 meter.
  2. Ein har to lag med 10 ryttarar på kvart.
  3. Berre fem ryttarar frå kvart lag kan spela i ein omgang.
  4. Kvar omgang varer i 45 minutt.
  5. Mellom dei to omgangane har ein ein pause på eit kvarter.
  6. Ein dommar styrer spelet.

Moderne reglar i Kirgisistan[endre | endre wikiteksten]

Buzkashi eller kokpar i Kirgisistan.
  1. Banen er regulær med ei kortside på 80 meter og ei langside på 200 meter.
  2. Ein har to lag med 10 ryttarar på kvart.
  3. Berre fire ryttar frå kvart lag kan vera på bana til eikvar tid.
  4. Spelarar og hestar kan byttast ut.
  5. To store mål (kazan) med ein diameter på 3,6 meter og ei høgd på 1,5 er plasserte på motsette sider av banen.
  6. Ein skårer mål ved å få dyret i målet til motstandaren.
  7. Dyret blir lagt i midten av bana att etter målskåring.

Det er ikkje lov å ri mot tilskodarane eller å få hjelp frå dei under spelet.

Ryttarar[endre | endre wikiteksten]

Meisterspelarar er heltefigurar som blir kalla chapandaz. Spelarane trener styrke og teknikk frå ung alder, men treng også mykje erfaring. Ein del buzkashikjennarar meiner ein først kan vera ein meisterspelar etter fylte førti.[3]

Hestar[endre | endre wikiteksten]

Buzkashispel i Mazar-e Sharif.
500-afghanisetelen viser buzkashispelarar.

Ein god hest er minst like viktig some ein god ryttar. Buzkashi-hestar må vera både raske og uthaldande. I Afghanistan bruker ein to typar - tartarhesten frå Baghlan, Kunduz, Samanga, Takhar og Badakhaahan, og habash-hesten frå Turkistan-slettene som strekkjer seg frå Mazar-e Sharif til Maimana.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Pato, ein liknande argentinsk sport
  • Polo, eit opphavleg persisk spel der ein slår ein ball frå hesteryggen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buzkashi
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kokpar