By- og regionplanlegging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

By- og regionplanlegging er eit samleomgrep for planlegging i byar og tettstader og i større område. Omgrepet svarar til det engelske town and country planning.

Byplanlegging har lange tradisjonar med vekt på fysiske forhold, og kan særleg knytast til arkitekt- og ingeniørtradisjonane. I Noreg galdt planleggingsplikta berre for byane fram til bygningsloven av 1965, og byplan var den einaste plantypen. Regionplanlegging har som formål å sjå utviklinga i større område i samanheng, og gjeld i større grad samfunnsutviklinga enn berre fysisk planlegging. Omgrepet fekk formell status i Noreg med bygningsloven av 1965. Ein region skulle omfatte to eller fleire kommunar. Plantypen blei i 1973 erstatta av fylkesplan, og har med loven av 2008 fått nemninga regional plan.

Internasjonalt er regional planlegging vanleg, ikkje minst i dei fleste EU-land, og der gjerne i form av regionale utviklingsplanar (RUP) med vekt på næringsutvikling. Eit unntak er England, som i 2011–2012 avvikla regionane, som hadde vore verksame sidan 1994. Danmark, Finland, og til dels Sverige, har institusjonalisert regional utviklingsplanlegging, mens Noreg ikkje har formalisert ein særskild regional utviklingsplan.

By- og regionplanlegging bygger på tverrfaglig kompetanse innan blant anna planlegging, plan- og politiske prosessar, planleggingsteori, arkitektur, landskapsarkitektur, transport og vegplanlegging, universell utforming, økonomi, økologi, miljø, geografi, jus, GIS i planlegging og konsekvensutgreiingar.

I Noreg er alle fylke og kommunar pålagde å planlegge areal- og ressursbruk etter plan- og bygningsloven (PBL). Loven gjev eit system med ulike plantypar på statleg, fylkes- og kommunalt nivå. Regional plan inngår i dette systemet. All utbygging og mange slags tiltak må godkjennast politisk, og planlegging må bygge på fagkunnskap og politiske vurderingar. Planleggarar har rolla som dei fremste ekspertane i by- og regionutvikling.

By- og regionplanleggarane har tverrfagleg kompetanse som gjer dei i stand til å samarbeide på tvers av fagområde og med andre profesjonar som arkitektar, ingeniørar, samfunnsvitarar, juristar, geografar og andre.

Noreg har ikkje tradisjon for særskild utdanning av planleggarar slik som i mange andre land, for eksempel England og USA. Men dei seinare åra er det etablert mastergradstilbod i planlegging ved nokre universitet og høgskolar, blant anna Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og Institutt for byforming og planlegging, (tidlegare Institutt for by- og regionplanlegging) ved Fakultet for arkitektur og billedkunst, NTNU.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]