Byar i mellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart og teikning av den tyske byen Dorsten i 1633.

Byar i mellomalderen kunne vera verna av ein bymur ein festning eller eit gjerde.

Innanfor bygrensene kunne det verta ganske trongt etter som byen voks til. Gatene var små og husa kunne vera høge, ofte med to etasjar. Viss ein gjekk i dei smale gatene risikerte ein kanskje å få ei bøtte med vaskevatn i hovudet, eller matrestar. Byane var lite reine, og det var lite organisert renovasjon. Det kunne gå grisar, hestar og kyr rundt i gatene og eta matrestar, og det kunne renna kloakk i gatene.

Etter at Romarriket braut saman, gjekk det attende med bylivet i Europa. Samfunnet vart i endå sterkare grad tufta på jordbruk, og byane levde på overskotet av jordbruksproduksjonen. Den katolske kyrkja kunne byggja opp sin eigen administrasjon, som tok over mykje av styringa. Biskopane tok ved nokre høve over styringa av byane. Biskopen av Roma vart verdsleg herskar over byen, og kravde herredøme over dei kristne. Mange byar vart bygd opp som mål for pilegrimsreiser.

I Europa kunne ofte byane vera ei sjølvstendig politisk eining, ein bystat. Under føydalismen kunne byane ha særrettar som gav dei høg grad av fridom. «Stadtluft macht frei» («byluft gjev deg fridom») var eit ordspråk i område som tala tysk språk. Byar kunne ha eigne lovar, såkalla bylovar. Handverk i byane var ofte regulert av laug.

Ved nokre høve, slik som med Venezia, Genova og Lübeck, kunne byane verta leiande i bysamband tufta på handel. Døme på eit slikt samband var Hansabyane. Liknande døme finn ein i Japan, med byen Sakai, som i stor grad fekk sjølvstende mot slutten av mellomalderen.

Dei fleste byane vart verande små. I 1500 var det noko over tjue byar i verda som hadde meir enn 100 000 innbyggjarar. Så seint som i 1700 var det færre enn førti, eit tal som auka til 300 i 1900. Byvoksteren, urbaniseringa vart sterk i samband med den industrielle revolusjonen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]