Bybrannen i Ålesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete av Ålesund frå åra før bybrannen. Aspøya i bakgrunnen

Bybrannen i Ålesund braut ut laurdag 23. januar 1904 og er framleis ein av dei største i Noregshistoria. Brannen raserte om lag 850 hus (medan om lag 230 hus stod att). Minst 10 000 menneske blei huslause (fleire kjelder oppgir 12 000[1]); mange mista alt dei eigde. Brannen kravde eitt menneskeliv, ein 76-årig kvinneleg nabo til brannstasjonen. Det bles sterk storm med orkanbyger[1]), dvs. vind som kan rive av hustak, og gjere det vanskeleg å stå oppreist. Då brannen braut ut, kom vinden frå sørvest, men vende seinare i vestleg og nordvestleg retning.[2] Dette er ei vanleg vêrutvikling på Nordvestlandet når sterke lågtrykk går inn i Norskehavet og vidare mot nordaust.

Utviklinga av brannen[endre | endre wikiteksten]

Brannen starta på Aspøya i lokala til Aalesund Preserving Co., i ei stor trebygning som stod på tomta der Nedre Strandgate 39 er i dag. Han braut ut ved totida om natta. Kl. 02.15 gjekk det brannalarm frå minst tre stader i nærleiken, og det blei fyra av to brannskot. Fleire meter høge flammer slo allereie ut frå bygningen. Brannvesenet rykte straks ut, men brannfolka blei møtte av massive røykmasser og gneistregn som gjorde at hestane stegla og måtte piskast frametter. Fabrikken stod allereie i brann. Elden og røyken gjorde at brannvesenet med kvart måtte rømme Nedre Strandgate. Knyttnevstore gneistar fauk gjennom lufta. Brannen spreidde seg i rasande fart. Dette skuldtest både vinden, men òg at husa var bygde i tre og at krumme takstein fungerte som gneistfangarar. I Ålesund pleier sørvestleg vind å gi regn, og med nordvesten følgjer ofte bygevêr. Også under brannatta følgde regnbyer med den kraftige stormen, men utviklinga av brannen tyder på at regnet ikkje klarte å dempe elden i monaleg grad.

Normalt ville fjorden danne ei naturleg branngate mot spreiinga vidare til Nørvøya. Ikkje denne gongen. Allereie ein halv time etter at den første brannen blei meldt, blei det òg meldt brann i H. W. Friis si sjøbu i verpingsvika på Nørvøya bak fjellet. Denne brannen møtte den andre. Brannen let seg ikkje stogge av dei nord–sør-gåande gatene, og på Nørvøya spreidde han seg både mot aust og nordaust.
       Utpå ettermiddagen nådde brannen heilt aust til Borgundvegen og åt seg vidare mot det som no blir kalla Brusdalshagen, dvs. Borgundvegen 39. Der blei brannen stogga. Då var brorparten av trehusa i byen brunne ned. Då brannvesenet fekk kontroll over elden hadde brannen rasa i 16 timar. Etterslokkinga tok fleire dagar, samstundes som brannvesenet måtte få i stand, eller erstatte, tapt og skada materiell for å vere budd på nye brannar eller at ei ny vindauke kunne få den gamle brannen til å fate i. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag.[2]

Etter brannen[endre | endre wikiteksten]

Brannårsaka[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste store bybrannar blei også denne etterfølgt av omfattande etterforsking og rettslege avhøyr. Eit 40-tals vitne blei avhøyrt. Interessa retta seg mot Aalesunds Preserving & Co, der brannen starta. Ein maskinist var sentral i etterspelet. Han var mistenkt av fleire vitne, og sikta for «Forbrydelse mod Straffelovens §20». Seinare på året skapte nye opplysningar mistanke om eldpåsetjing og forsikringssvindel.[3] Men ingen blei dømde, og brannen blei ikkje oppklåra. Manglande varsemd med eld blir likevel rekna som sannsynleg brannårsak[4], sjølv om vintertorevêr med lyn ikkje er uvanleg i denne delen av landet (ein liknande bybrann i Molde januar 1916 blei utløyst av eit lynnedslag). Men den grunnleggjande årsaka til katastrofen var at ein hadde bygd ein by av trehus i eit område der storm er ganske vanleg.

Hjelpearbeidet og atterreisinga[endre | endre wikiteksten]

Etter brannen fekk ålesundarane hjelp frå heile landet – og også frå utlandet, med særleg omfattande hjelp frå keisar av Tyskland, Wilhelm II. I juli vitja han byen. Bykjernen blei atterreist i form av murbygg i jugendstil. Det blei ikkje brukt standardteikningar, slik at kvart nye hus fekk individuell utforming. Arbeidet tok om lag tre år. Og i 1910 blei det reist ei statue av keisaren i Ålesund.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gustav Bjørbak 1994: Norsk vær i 100 år. Damm & Søn – Teknologisk Forlag; ISBN 82-512-0403- 8
  2. 2,0 2,1 http://bybrann.no/?page_id=100
  3. http://bybrann.no/?page_id=92
  4. http://bybrann.no/?page_id=113

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]