Hopp til innhald

Byen Dali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dali
by
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 1 739 km²
Folketal 771 128 (2020)
Kart
Byen Dali
25°40′52″N 100°18′01″E / 25.681111111111°N 100.30027777778°E / 25.681111111111; 100.30027777778
Dali (rosa) i prefekturet Dali (gult)
Dali (rosa) i prefekturet Dali (gult)
Dali (rosa) i prefekturet Dali (gult)
Wikimedia Commons: Dali City

Dali (kinesisk skrift 大理市, pinyin Dali Shi) er hovudstad for det autonome prefekturet Dali i provinsen Yunnan i Folkerepublikken Kina.

Den sørlege byporten, bygd i 1382 under Ming-dynastiet, kort tid etter at byen blei erobra.
Gamlebyen i Dali.

Byen består av gamlebyen, som var hovudstad for Nanzhao-riket, og av den nyare bydelen, Xiaguan. Dali har eit areal på 1 468 km² og hadde ca. 770 000 innbyggjarar i 2020.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 214 i Kina går gjennom området. Denne går frå Xining i provinsen Qinghai til Jinghong i Yunnan.

Riksveg 320 går også gjennom området. Denne byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han innom blant anna Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Byen Dali