Byen Djibouti
جيبوتي (arabisk) Ville de Djibouti (fransk) | |
---|---|
Styresmakter | |
Land | Djibouti |
Grunnlagd | 1888 |
Geografi | |
Innbyggjarar - Hovudstad (2009) |
475 322 |
Høgd over havet | 0 m |
Tidssone | UTC +3 (UTC3) |
Plassering | |
Byen Djibouti (utt. dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. Folketalet i byen er usikkert, men under folketeljinga i 2009 vart det målt til 475 322 innbyggjarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen Djibouti vart grunnlagt i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.
Transport[endre | endre wikiteksten]
Djibouti er ein viktig handleby og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. og Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.
Anna[endre | endre wikiteksten]
I byen Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Djibouti – hovedstad» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Djibouti (city)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2011.