Byen Petsjenga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Петсамо
Horisonten til Byen Petsjenga
Horisonten til Byen Petsjenga
Byvåpenet til Byen Petsjenga
Styresmakter
Russland Russland
Geografi
Flatevidd 150,55 km²
Innbyggjarar
 - By (1. januar 2018)

3 128[1][2]
Høgd over havet 5 m
Tidssone UTC+03.00 (UTC)

Petsjenga (russisk Пече́нга, finsk Petsamo, nordsamisk Beahcán, skoltesamisk Peäccam) er ein mindre byliknande busetnad i Petsjenga rajon i Murmansk oblast i Russland. Han ligg ved utløpet av Petsjengaelva i Petsjengafjorden. Ved folketeljinga i 2002 hadde busetnaden 2 959 innbyggjarar, som utgjorde 6,4 % av Petsjenga rajons totale folkesetnad. Dette var ein auke frå 1989, då det vart registrert 2 671 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Petsjenga vart ein del av Russland i 1533. Folkesetnaden i området på den tida var skoltesamar. Den første busetjinga vart grunnlagd i 1533 ved Petsjengaklosteret, av munken Trifon frå Novgorod, på staden der elva Petsjenga lauper ut i Barentshavet, 135 km vest for nåtidas Murmansk. Inspirert av dømet frå Solovki ynskte Trifon å omvenda dei lokale skoltesamane til kristendomen, og å visa korleis trua kunne blomstra, sjølv på dei mest ugjestmilde stadane. Ein annan grunn for plasseringa til klosteret var dessutan å markera russisk nærvær.

I 1572 hadde Petsjengaklosteret rundt 50 munkar og 200 legbrødre. Seks år etter St. Trifons død i 1583 vart treklosteret plyndra og brent ned av svenskane. Det vert at sagt 51 munkar og 65 legbrødre omkom i raidet, som enda historia om Trifons kloster i Petsjenga. Men eit nytt kloster tilkom, då det gamle vart gjenoppbygt i 1886.

Ved freden i Tartu i 1920 vart Petsjenga avstådd til Finland, og vart då kalla Petsamo. Under den finske vinterkrigen stod slaget om Petsamo, som vart avslutta 11. februar 1940. Sovjetunionen okkuperte Petsamo under vinterkrigen, men gav tilbake området etter krigen.

Etter angrepet på Noreg, i perioden 1940-41, pågikk den såkalte Petsamotrafikken mellom Haparanda/Rovaniemi og Linhammar ved Petsamo, som då var den einaste importhamna for sjøtrafikk utanfor Austersjøen for Sverige og Finland.

Området tilhøyrde Finland til 1944. Etter den finske fortsettelseskrigen vart klosteret evakuert til Nya Valamo kloster i Savolax. Petsamo vart okkupert av sovjetiske styrkar under Lapplandkrigen og vart formelt avtrådd til Sovjetunionen med freden i Paris i 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://murmanskstat.gks.ru/wps/wcm/connect/rosstat_ts/murmanskstat/resources/dc3.
  2. 2,0 2,1 «26. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2018 года». Henta 23. januar 2019.