Hopp til innhald

Byen Pisco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pisco
by
Land  Peru
Areal 3 978,19 km²
Folketal 109 965
Kart
Pisco
13°42′36″S 76°12′12″W / 13.709980555556°S 76.203205555556°W / -13.709980555556; -76.203205555556
Wikimedia Commons: Pisco, Peru

Pisco er hovudstad i Pisco-distriktet i Ica-regionen i Peru. Han er ein kystby ca. 20 kilometer nord for halvøya Paracas. Den moderne byen Pisco blomstra opp i eit vingardsområde kor det no skjer framstilling av det peruansk-chilenske brennevinet kjent som pisco. Han kan ha røter frå ein av dei store tidlegare sivilisasjonar i Peru, paracaskulturen.

Ved Plaza de Armas finst herskapshuset som den argentinske generalen José de San Martín budde i og ein statue av personen. Blant andre bygningar i byen kan ein nemne katedralen Iglesia de la Compañía som vart påbegynt i 1689, han kan vise ein nydeleg uthoggen preikestol og eit alter med gullblad.

Byen vart hardt råka av jordskjelvet i Peru 2007.

Ikkje langt frå byen, rett ved vegen mot Ayacucho ligg den vel preserverte inkastaden Tambo Colorado og like ved på Paracas-halvøya ligg geoglyfen El Candelabro. Området rundt byen er mykje vitja på grunn av konsentrasjonen av marint fugle og dyreliv i naturreservatet Reserva Nacional de Paracas, òg kalla «dei peruanske Galapagosøyane.»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Byen Pisco