Byers Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byers Peninsula
halvøy
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Land  Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°38′S 61°05′W / 62.633°S 61.083°W / -62.633; -61.083
Areal 60 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Byers Peninsula
62°38′00″S 61°05′00″W / 62.6333°S 61.0833°W / -62.6333; -61.0833
Byers Peninsula is located in Antarktis
Byers Peninsula (Antarktis)
Wikimedia Commons: Byers Peninsula

Byers Peninsula er ei stort sett isfri halvøy vest på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho dekkjer 60 km²,[1] og omfattar den vesle innsjøen Basalt Lake. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av amerikanske og British selfangarar som kom frå New England, New York og England. Dei dreiv ut frå President Beaches, Robbery Beaches og South Beaches og bygde bygningar og skur som framleis er bevarte ved Sealer Hill og Lair Point. Byers Peninsula er verna under Antarktistraktaten og ein må ha spesialløyve for å gå i land her.[2]

Topografisk kart over Byers Peninsula

Halvøya vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter James Byers, ein skipseigar frå New York som i august 1820 prøvde å få USA til å grunnleggje ein busetnad på Sør-Shetlandsøyane og legge dei under seg. Han klarte ikkje dette. Byers organiserte og sendte ut ein flåte av amerikanske selfangarar frå New York til Sør-Shetlandsøyane i 1820–21.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]