Byfjorden ved Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Bergen sentrum med Byfjorden utanfor.

Byfjorden er ein fjord mellom Askøy og Bergen som går inn til sentrum av Bergen. Fjorden strekkjer seg 16 km på sørsida og austsida av Askøy. Fjorden er ei fortsetjing av Hjeltefjorden.

Det sørvestlege innløpet til fjorden ligg mellom Nordre Drotningsvik i sør, der Sotrabrua går vestover til Sotra, og Hjeltaneset på Askøy i nord. 2,5 km inn i fjorden kryssar Askøyabrua med ei lengd på 1057 meter og ei seglingshøgd på 62 meter. Det største spennet til brua er 850 meter, som er det lengste i landet. Rett innanfor brua ligg Kleppestø på nordsida, kommunesenteret til Askøy. Frå her deler fjorden seg i to, ein sørover til sentrum av Bergen og ein nordover på austsida av Askøy.

Den sørlege delen går inn til Vågen i sentrum av Bergen på austsida av Nordnes, medan Puddefjorden held fram sørover mellom Nordnes og Laksevåg. Inst i fjorden ligg Solheimsviken og Store Lungegårdsvannet.

Mellom Florvågøyna ved Askøy og Breiviken held fjorden fram nordover. Eidsvågneset ligg på austsida og frå her strekkjer Eidsvågen seg 2,5 km innover til Eidsvåg. Rett vest for Eidsvågneset ligg bygda Erdal på Askøy. Nord for Eidsvågen ligg Tertnes, som er ein del av Åsane. Fjorden endar mellom Askeneset på Askøy og Mjølkeråen. Her møter han Herdlefjorden frå nordvest og i lag held dei fram som Salhusfjorden vidare nordaustover.