Byfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byfylke (kinesisk 县级市, xiànjí shì) er ei administrativ eining i Folkerepublikken Kina. Det ligg under provins og prefektur (eller byprefektur). Dei fleste byfylka blei danna i 1980- og 1990-åra, fram til 1997.

Byfylkeregjering[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Det kinesiske kommunistpartiet er den sentrale statsberande regjeringsinstitusjonen i heile Folkerepublikken Kina, har alle territorielle politiske nivå ein lokal partikomite. Det finst dessutan ei folkeregjering for byfylka.

Mellomstatus[endre | endre wikiteksten]

Lågare byprefekur er eit byfylke med fullmakter opp mot dei byprefektur har. Jiyuan i Henan, Xiantao i Hubei og Golmud i Qinghai er døme på slike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]