Bygdanytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdanytt er ei lokalavis som kjem ut i Indre Arna i Bergen i Hordaland fylke. Avisa vart starta i 1951, og er den eldste av lokalavisene i bergensområdet, og kjem ut tysdag og fredag. Avisa har sitt nedslagsfelt i Osterøy kommune og Arna bydel i Bergen. Dekningsområdet er knytt saman av Osterøybrua, som opna i 1997.

Avisa er eigd av Bergens Tidende som kjøpte avisa i 2005. Ansvarleg redaktør er Hallvard Tysse (sidan 1984).

I 2012 blei avisa kåra til Europas beste lokalavis.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 3 922

2002 3 906
2003 4 008
2004 4 088
2005 4 152
2006 4 295
2007 4 536
2008 4 587
2009 4 625
2010 4 585
2014 4 562

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.