Bygdeallmenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bygdeallmenning er ein allmenning som er ått av halvparten av dei jordbrukseigedommane som frå gammalt har bruksrett i allmenningen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Allmenningane var opphavleg område som ingen hadde eigedomsrett til, der det foregjekk ein felles bruk i form av jakt, innlandsfiske, hogst og anna. Naturleg nok var det folk frå de næraste bygdene som stod for denne bruken av allmenningen. Kongen hadde òg frå gammalt visse rettar i allmenningene, og under påverknad frå romerretten vart oppfatninga i hundreåra etter reformasjonen at all fast eigedom som ikkje var i privat eige, var Kongens eigedom. Det gjaldt òg allmenningane, utan at bygdefolket av den grunn mista bruksretten dei hadde utøvd frå gammal tid.

Særleg på Fredrik IV si tid vart mange av allmenningane selde, anten til utanforståande privatpersonar, eller til bøndene som hadde bruksrett i allmenningen. Allmenningar som med tida kom i bygdefolkets eige, vart til det vi seinare har kalla bygdeallmenningar.

Bruksrett[endre | endre wikiteksten]

Allmenningsretten kan gje jordbrukande bønder rett til beiteland, seter, ved og bygningsmateriale.

Vidare vil dei som utøver bruksrett i allmenningen, og familiemedlemmer og andre medlem i hushaldet deira, ha rett til småviltjakt og innlandsfiske i allmenningen.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Forvaltinga av bygdeallmenningane ligg til eit allmenningsstyre. Bygdeallmenningene i Noreg er organiserte i Norsk allmenningsforbund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]