Hopp til innhald

Bygdeprideprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bygdeprideprisen er ein årleg pris som vert delt ut til ein person eller organisasjon som på ein utmerka måte har gjort ein særskilt innsats for skeive personar si stilling i bygdesamfunnet.[1] Prisen er open for nominasjonar frå kven som helst. Styret i organisasjonen Bygdepride bestemmer kven som får prisen.

Prisen vart for fyrste gong delt ut i 2019, då Rune Sæbønes fekk han.[1] I 2020 og 2021 vart utdelinga avlyst grunna koronapandemien.

År Mottakarar
2025 Sparebank 1 SMN Volda
2024 Anbjørn Steinholm Frislid
2023 Bente Hjertenæs og sokneprest Arne Moltubak
2022 Nynorsk kultursentrum og Aasentunet
2019 Rune Sæbønes
  1. 1 2 «Bygdeprideprisen», Bygdepride, henta 1. juli 2025