Byelinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bygelinje)

Byelinje er byer organisert langs ei linje, som òg blir kalla tråg, og kan bli fleire hundre kilometer lang. Linja inneheld ofte fleire individuelle toreskyer, og blir òg kalla multicellelinjer. Byelinjene kan oppstå på eiga hand eller i lag med lågtrykk eller tropiske syklonar. Som oftast oppstår individuelle byger langs ein front og kan medfører kraftig nedbør, hagl, lyn, kraftig vind, og visst forholda ligg til rette for det, tornadoar og skypumper.

I områda rundt Noreg oppstår byelinjene som regel i kaldlufta bak ein kaldfront, særleg på vinterhalvåret i alle norske havområde. Ofte ligg dei parallelt med fronten.