Byglandsfjord stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°40′1.6320″N 7°48′9.5148″E

Stasjonsbygningen på Byglandsfjord husar i dag det lokale folkebiblioteket.
Foto: Jan-Tore Egge

Byglandsfjord stasjon var endepunktet for Setesdalsbanen, som trafikkerte strekninga frå Grovane til Byglandsfjord fram til banen vart lagt ned i 1962. Stasjonsbygningen er bygd i drakestil og vert i dag brukt som bibliotek. Bygningen var teikna av arkitekten Paul Due og oppført i 1895.

Heile stasjonsområdet er freda frå 2002 etter paragraf i kulturminneloven for områdefreding. Fredinga gjeld alle bygningane: Eksteriør og interiør i stasjonsbygningen, privetbygning, lokomotivstall, godshus, plattform og lasterampe og dessutan eit område rundt stasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]