Byglandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byglandsfjorden
innsjø
Byglandsfjorden sett frå vestsida i retning sør. Biletet er teke noko sør for Bygland.
Foto: Vetle Toreid
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommunar Evje og Hornnes, Bygland
Høgd over havet 198-203 moh.
Areal 33,45 km²
Middeldjupn 57 m
Største djupn 167 m
Volum 1,995 km³
Kystlengd1 87,57 km
Koordinatar 58°42′28″N 07°48′33″EKoordinatar: 58°42′28″N 07°48′33″E
Kart
Byglandsfjorden
58°42′30″ N 7°48′25″ E
Wikimedia Commons: Byglandsfjorden
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Byglandsfjorden er ein innsjø i kommunane Evje og Hornnes og Bygland i Agder fylke. Den er ein del av Otravassdraget og strekkjer seg frå Vassenden i sør til Ose i nord. Om sommaren vert fjordstrekningen trafikkert frå Byglandsfjord til Ose av veterandampbåten Bjoren som er verdas einaste vedfyrte passasjerdampbåt som framleis går i rutetrafikk.

Riksveg 9 går langs austsida av Byglandsfjorden. Fånefjell er kommunikasjonshistorisk eit spesielt parti fordi det her er fire ulike trasear forbi på innsida, over, rundt på yttersida og gjennom fjellet.

Fjorden er òg habitat for den stadeigne laksefisken byglandsfjordbleika. På grunn av sur nedbør har denne fisken ikkje reprodusert naturleg sidan midt på 1970-talet og stammen er heilt avhengig av utsetting for å overleve.

Namnet Byglandsfjorden vert brukt om heile den 40 km lange elvestrekningen til Ose. Den øvre delen nord for Storstraumen vert gjerne kalla Åraksfjorden.

Delar av Åraksfjorden har namna Bjåfjorden (i sør) og Sandnesfjorden.

Den sørlegaste delen av Byglandsfjorden vert kalla Årdalsfjorden.

Byglandsfjorden vart regulert til kraftmagasin i 1912 og har ei reguleringshøgde på 5 meter. Magasinet rommar 212,3 mill. m³.