Bygningsinformasjonsmodellering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bygningsinformasjonsmodellering (BIM) (frå engelsk building information modeling[1]) er det ein kallar digitale modellar av eit bygg. BIM er meint som kjernen i ein samarbeidsmodell mellom dei ulike bidragsytarane, som til dømes byggherre, entreprenør, elektrikarar, rørleggjarar, vedlikehaldarar og offentlege myndigheiter, både under sjølve byggeprosessen og seinere gjennom hele bygningen si levetid, til og med eventuell riving og gjenvinning av materialar.[2] [3]

Det finst BIM for kkvart av dei ulike fagområda (bygg, struktur, elektro, VVS, røyr osb.) og ein kan òg kombinera desse modellane til ein tverrfagleg BIM.

For at arbeid med BIM skal vera effektivt, er det eit poeng at ein kan dela informasjon med andre aktørar i eit byggjeprosjekt. Anten må då alle jobba i det same systemet – med dei eventuelle avgrensningane det gir på tvers av fagområda – eller ein må kunna dela BIM gjennom eit eller anna filformat.

Størst fleksibilitet og valfridom får ein dersom ein baserer seg på programvare som er sertifisert for utveksling av BIM gjennom opne, standardiserte filformat, slik som IFC, og jobbar etter dei retningslinjene som blir skildra i buildingSMART.

Ein ny standard for BIM er på plass i Noreg. [4]

Programma ArchiCAD frå Graphisoft og Revit frå Autodesk er i brei bruk for BIM i Noreg. Tekla frå Trimble og det norske programmet DDS blir òg brukte til å modellera bygningsinformasjonsmodellar (BIM). Modellsjekkarprogrammet Solibri blir brukt til å sjekka kollisjonar, ta ut mengder frå dei digitale modellane m.m. StreamBIM, er ei teneste som blir brukt for å få BIM-modellane ut på byggjeplassen ved hjelp av iPad/nettbrett og smarttelefonar.

Virtual Design and Construction (VDC) er ein metodikk utvikla av Stanford University (USA) som minner mykje om tilnærminga til BIM frå Fagskolen Oslo Akershus (FOA), pioneren innanfor bruk av og opplæring i BIM-prosessar i utdanningsystemet i Noreg.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Frå 2008 er det mogleg å utdanna seg som BIM-teknikar på Fagskolen Oslo Akershus. I tillegg kan ein studera til BIM-tekniker på heiltid ved Fagskolen Tinius Olsen, eller som 2-årig deltidsstudium på Østfold Fagskole. På Fagskolen Oslo Akershus er det to klassar med BIM-teknikar-studentar. Klasse BIM-I (Installasjon) for studentar med bakgrunn i dei tekniske faga, som elektrikarar, rørleggjarar og ventilasjonsmontørar. Klasse BIM-K (Konstruksjon) der studentane har bakgrunn frå dei byggtekniske faga som tømrarar, forskalingssnikkarar, betongarbeidar osb. Desse klassane samarbeider tett. Dette er ei videreutvikling av utdanninga teknisk tegning som forsvann med Kunnskapsløftet i 2008.

I utdanninga som BIM-teknikar lærer ein BIM-prosess og -teknikk. BIM-studentane utviklar tredimensjonale, digitale bygningsmodellar med ulike BIM-program, der ein kan hausta ut planteikningar, snitt, fasadar, masseutrekning og liknande. Studentane samarbeider om reelle prosjektoppgåver og øver på byggjemøter med digitale metodar, som ICE (Integrated Concurrent Engineering). BIM-teknikar-utdanninga er eittårig og gir 60 fagskulepoeng samt høve til å arbeida innan leiing av digitale byggeprosessar, som BIM-koordinator, assisterande prosjekteringsleiar, modellsjekkar, eller avansert teknisk teiknar. Det er gjerne entreprenørar og rådgivarar, samt konsulentar og i nokre tilfelle byggherrar og arkitektfirma, som tilset BIM-teknikere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Autodesk – Building Information Modeling, arkivert frå originalen 28. august 2006, henta 17. oktober 2018 
  2. «A BIM-based system for demolition and renovation waste estimation and planning» (på engelsk). Bimhub.com. 5. november 2012. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. januar 2016. 
  3. Jack C.P. Cheng og Lauren Y.H. Ma (juni 2013). «Using BIM Technology for Lifetime Management of Buildings». Waste Management (på engelsk) (6, utg.) (Elsevier) 33: 1539–1551. doi:10.1016/j.wasman.2013.01.001. Henta 3. januar 2016. 
  4. digital.no. «Digital byggeprosess og BIM».