Bygningstypen loft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loft på Heddal bygdetun

Loft er ein tradisjonell bygningstype i to etasjar med rom under taket. Bygningane har ofte svalgang og har vore brukt som sovehus i eldre tid.

Bygningstypen fanst i Noreg allereie i tidleg mellomalder. Særleg i Telemark og Numedal står det att fleire loft som er bygde i hundreåret før Svartedauden. Loftet var gjerne rekna som det mest staselege huset på ein gard.

Den øvste etasjen var som regel nytta til oppbevaring og var sengekammer for gjester og andre. Underetasjen var lagerrom, og dei enkelte romma vart kalla bu eller bur, i tidleg mellomalder også skemma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]