Byklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Byklima er eit omgrep nytta om dei klimatiske tilhøva i eit byområde som skil seg frå tilhøva i dei landlege områda rundt byen. Utbygging av byar kan endre naturmiljøet drastisk, og føre til store endringar i det lokale klimaet.

Når store flater av opne, vegetasjonskledde landområde vert endra til eit tettbygd bymiljø av asfalt og betong, så endrar dette strålings- og varmeeigenskapane, samt fukt- og vindtilhøva i området. Til dømes vil auka forureining påverke strålinga og samstundes gje fleire kondensasjonskjerner, slik at det lettare oppstår tåke. Albedoen vert endra, bygningsmassen fører til auka varmelagringsemne og vasstransport til og frå overflata vert stengd av. Den ujamne overflata i ein by endrar òg vindmønsteret, samt at varme skapt av den menneskelege verksemda i byen fører til eit markant bidrag til dei naturlege energi- og vasskjeldene.

Når ein studerer byklima er det vanleg å skilje mellom bygrenselaget, som er grenselaget over taknivå i byen, og bygningslaget, som er bygningar, gater, lufta mellom bygningane osv.

Energibalansen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan skrive energibalansen for byvolumet som følgjer:

der Q* er netto strålingsbalanse, QF er antropogen varme, altså varmen som er tilført ved menneskeleg verksemd, QH er fluks av følbar varme, QE er fluks av latent varme, ΔQS er endringa i lagra varme i byvolumet og ΔQA er netto varmetilførsel ved adveksjon.

Det finst ikkje noko generell regel for korleis strålinga endrar seg i eit byområde i forhold til landområda rundt, fordi strålinga er avhengig av fleire faktorar. Auka forureining fører til at mindre sollys kjem ned til overflata, men samstundes vert varmetapet frå overflata redusert. I tillegg vil ein by ofte ha mindre albedo enn omgjevnadane, slik at mindre stråling vert reflektert tilbake til verdsrommet att.

Transport av latent varme til og frå byvolumet er ofte langt mindre enn på landlege flater, fordi ein stor del av byflata er vasstett og nedbøren vert raskt drenert bort via avløpssystemet. Om natta er byomådet forholdsvis varmt, slik at doggfall og rimavsetjing vert langt mindre enn i omgjevnadane.

Transport av følbar varme er ofte effektiv over byområdet, fordi vind som bles gjennom ein by skapar kraftig dynamisk turbulens, som fraktar varmen opp i atmosfæren, og i rolege vindforhold er gjerne konveksjonen sterk.

Bygningar og gatemateriale i byar kan lagre store varmemengder som er tilført ved solstråling eller antropogen varme. Denne varmen vert lagra og frigjort om natta, slik at nattavkjølinga som oftast vert mindre i byar enn i omgjevnadane.

Effekten av at byar er varmare enn omgjevnadane vert kalla varmeøyeffekten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala. Alma Mater Forlag. s. 182-185. ISBN 82-419-0063-5.