Byneset kyrkje
| Byneset kyrkje | |||
| Byneset Church | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Heimdal | ||
| Sokn | Byneset | ||
| Fellesråd | Trondheim | ||
| Material | naturstein | ||
| Innvigd | ca 1180 | ||
| • Vigd til | St. Mikael | ||
| Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 230 | ||
![]() Byneset kyrkje 63°21′21″N 10°06′57″E / 63.35583°N 10.11577°E | |||
| Wikimedia Commons: Byneset Church | |||

Byneset kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein på Byneset i Trondheim. Kyrkja vart vigd til St. Mikael. Ein veit ikkje nøyaktig når kyrkja vart innvigd, men ein trur det var i 1180. Steinhoggarmerka er dei same som ein finn på Nidarosdomen. Det er derfor nærliggande å tru at det var dei same som oppførte kyrkja eller i det minste hogg den hogde steinen til kyrkjebygget.
Kyrkjebygget
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja er romansk, og er ei langkyrkje i naturstein. Tårnet som er ein takryttar vart oppført rundt 1650. I 1656 vart det bygd eit våpenhus framfor vestportalen, dette vart fornya i 1811 og på slutten av 1970-åra. Ved restaureringa på 1960-talet vart det avdekt kalkmåleri frå 1500- og 1600-talet.
Kyrkjeeigarar
[endre | endre wikiteksten]Etter reformasjonen i 1537 vart kyrkja krongods. Ho kom i privat eige i 1725. I 1803 vart kyrkja kjøpt av bøndene på Byneset og i Buvika.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Byneset kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Byneset Kirke, Byneset, Sør-Trøndelag Arkivert 2008-02-02 ved Wayback Machine.
- Byneset kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
