Byregion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parisområdet med den sentrale kommunen i midten (markert med '75'), det urbaniserte området (agglomération) markert med raudt, og heile storbyregionen (aire urbaine) markert med rosa.

Byregion eller storbyregion er eit geografisk område som består av ein eller fleire nærliggande byar og omlandet deira. Slike regionar oppstår ved at folk slår seg ned i utkanten av byar og ofte pendlar inn til byen for å arbeida.[1] Integrasjon med omlandet vert stadig viktigare for moderne storbyar, og byane og omlandet deira flyt stadig meir saman. Grensene for byregionen er flytande.

Byregionane sin struktur[endre | endre wikiteksten]

Kommunane i ein byregion har ulik funksjon. Ein eller fleire av dei er senterkommune (bykommune), rundt denne ligg det forstadskommunar og pendlarkommunar.

Omgepet byregion er ikkje basert på den synlege strukturane i byen, men på funksjonen byen har som sentralstad for eit større område. Pendling til og frå bysenteret, byen sitt pendlingsomland, er definisjonsgrunnlaget for å avgrensa den funksjonelle byregionen.

Administrative grenser, vanlegvis kommunegrenser, vert òg brukt til å definera byar. I nokre tilfelle kan byen definerast som ei gruppe kommunar under ein regional administrasjon. Det er lett å skaffa data for administrative område, men det er ofte slik at dei ikkje samsvarer med det fysiske byområdet.

Omgrepet tettstad er basert på byen sin mest synlege eigenskap, tett busetnad, eit samanhengande utbygt område, medrekna forstader. Den vanlegaste tillatne maksimale avstand mellom bygningar er etter denne definisjonen 200 meter. Å ta flyfoto er ein god metode for å avgrensa tettstader frå kvarandre.

Metodar for avgrensing av byregionar[endre | endre wikiteksten]

Byregionar vert definert som ein felles bustads- og arbeidsmarknad. Statistikk for pendling vert lagt til grunn for avgrensing av ein byregion: Ein viss del av folkesetnaden i ein kommune må ha daglege arbeidsreiser til regionsenteret.

Fleirkjernebyregionar[endre | endre wikiteksten]

Dersom dei opphavlege byane har halde på bykjernane sine blir byregionen òg kalla ein fleirkjernebyregion. Eit døme på dette er Nedre Glomma-regionen kring tettstaden Fredrikstad/Sarpsborg og Stavangerregionen omkring tettstaden Stavanger/Sandnes.

Byregionar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I den såkalla storbymeldinga frå 2002–03 vert det definert 16 by- og storbyregionar i Noreg.[2]

Stor-Osloregionen der Drammens- og Mossregionen inngår er eit døme på ein byregion eller ein storbyregion i Noreg, og Stor-Osloregionen er Noregs største byregion.

Trondheimsregionen er det samanhengande bu- og jobbeområdet til Trondheim. Byregionen har eit folketal på 279 234 innbyggjarar per 1. januar 2018, og er i stor vekst.

Internasjonale metropolområde[endre | endre wikiteksten]

Ein metropol eller storby er ein by med over ein halv million innbyggjarar, og som hovudregel minst éin million innbyggjarar i byområdet med forstader. Ordet «metropol» kjem frå gresk metropolis, som tyder 'moderby'. Eit metropolområde (av og til forkorta til metroområde) eller storbyområde vil då dekka heile området rundt denne storbyen, ut ifrå f.eks ei pendletid på 1-1,5 time med ulike transportmiddel til sentrumet i denne byen. Med moderne motorvegar og jarnbane kan dermed metroområda verta relativt store, vesentleg større enn tettstader (engelsk urban areas) mange stader. Samstundes vil talet på innbyggjarar i metropolområdet svinga veldig ut ifrå korleis ein definerer «vanleg pendletid».

Spesielt i det vestlege Tyskland og Nederland er metropolområde dominerande, og tettstadene er relativt små, samanlikna med metropolområde andre stader): Områda er flate, det ligg mange byar tett-i-tett, og transportnetta er gode. Det må likevel ikkje vere slik at metropolområda skal vera større enn tettstadene: i og med at metropolområda er avgrensa av reisetid, vil svært store tettstader strekkja seg utanfor metropolområda, spesielt viss ikkje transportårene er tilpassa all trafikken. Manila er eit døme på dette siste: Det bur 20 millionar innbyggjarar i tettstaden, og "berre" 11 millionar i metropolområdet).

Det einaste metropolområdet i Noreg er Stor-Osloregionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Thorsnæs, Geir; Solerød, Hans (20. februar 2018). «by». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Storbymeldingen 2002-03, arkivert frå originalen 24. mai 2013, henta 22. september 2019 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]