Byrknesøy kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°53′57″N 4°50′16″E

Byrknesøy kapell
kyrkje
none  Byrknesøy kapellFoto: Bjarne Thune
Byrknesøy kapell
Foto: Bjarne Thune
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Mjømna
Type Langkyrkje
Arkitekt Johan Tveit
Innvigd 26. mai 1972
Sitjeplassar 200

Byrknesøy kapell er eit kapell på ByrknesByrknesøyna i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Byrknesøy kapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Byrknesøy kapell på kart over Sogn og Fjordane
Byrknesøy kapell
Foto: Bjarne Thune

Kapellet er eigd av Indremisjonen som leigar huset ut til mellom anna Den norske kyrkja. På staden der kapellet står stod det tidlegare eit bedehus, og lokalt vert kyrkjehuset framleis ofte omtala som bedehuset.

Kapellet fekk kyrkjeklokke i 1980, klokka var dels finansiert av ei gåve frå Det Stavangerske Dampskibsselskab. Gåva kom etter forliset til MS «Austri» utanfor Byrknesøyna, der bygdefolket deltok i berginga av mannskap frå skipet.

Byrknesøy kapell ligg under Mjømna sokn i Nordhordland prosti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]