Byrknesøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Byrknesøyna)
Hopp til navigering Hopp til søk
Byrknesøy
Dei to bruene over Nappholmsundet til Byrknesøy. Foto: Gunnar Buvik
Dei to bruene over Nappholmsundet til Byrknesøy.
Foto: Gunnar Buvik
Geografi
Norway - Byrknesøy.png
Stad Sogn
Koordinatar 60°54′10″N 04°51′58″EKoordinatar: 60°54′10″N 04°51′58″E

Areal 18,3 km²

Høgaste punkt Veten (194 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Største busetnad Byrknes (279 innb.)

Byrknesøy er ei øy om lag 8 mil nord for Bergen, i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Det er dagleg samband med Bergen både med hurtigbåt (om lag ein times reise) og buss. Med bil følgjer ein E39 frå Bergen til Knarvik og deretter riksveg 57 frå Knarvik til Leirvåg. Frå Leirvåg går det ferje til Skipavik og frå her veg vestover over Mjåsundbrua frå Sandøya til Mjømna, deretter Nappsundbrua og Mjømnesundbrua over til Byrknesøy. Det er om lag 16 km frå Skipavika til bygda Byrknes på Byrknesøy.

I 2007 byrja arbeidet på eit nytt brusamband som vil gjere Byrknesøy, Mjømna og Sandøya landfast. Brua vil gå over Brandangersundet ved Fivelsdal og vegen over Sandøya vil komme inn på den eksisterande hovudvegen like ved avkjørselen til Ånneland.

Vest og nordvest for Byrknesøy er det ein skjergard med over 1000 øyar, holmar og skjer. Utanfor skjergarden heilt vest i havet ligg Holmengrå fyr og litt lengre sør ligg Fedje.

Etter ein periode med stagnasjon og fråflytting, har Byrknesøy dei siste ti - femten åra snudd trenden. Mange unge har busett seg på øya og fiskeoppdrettsnæringa har skapt nye arbeidsplassar både på sjø og land. Det bur nå om lag 500 menneske på Byrknesøy.

Det høgaste fjellet på Byrknesøy er Veten, 194 moh.

Natur, friluftsliv, kultur og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Typisk lynghei natur - Veten sett frå sørvest.
Foto: Gunnar Buvik
Kajakkpadling vest for Byrknesøy.
Foto: Gunnar Buvik

Byrknesøy ligg lengst vest i Gulen kommune, utanfor Sandøya og Mjømna. Av øyane sørvest for Byrknesøy var det øya Åra som vart mest utsett for oljeforureining etter Server-forliset ved Fedje i januar 2007. Det vart teke opp over 12 tonn med olje berre rundt Åra. Utanom Åra er Røytingja, Måøy og Havrøy dei største øyane vest for Byrknesøy. I nordvest finn ein Kversøy og Grima rett nord for Byrknesøy. Mellom Grima og Byrknesøy går det ein særs smal aust-vestgåande naturleg kanal, søndre Grimesund. Langs vestsida av Grima går ein nord-sørgåande smal kanal som heiter Svartsundet.

Heile området vest for Byrknesøy er mykje brukt til sportsfiske og kajakkpadling. Det er rikeleg med fisk og skaldyr og det er høve for havfiske ved Holmengrå fyr som ligg ute i havet rett vest for Byrknseøy.

Landskapet på Byrknesøy er eit typisk vestlandsk lyngheilandskap. Det største fjellet ligg midt på øya (Veten - 194 moh.) og på ein klår dag kan ein frå her sjå Troll-plattforma som ligg om lag 70 km vest i havet.

Av dyreliv finst det mengder av forskjellig sjøfugl og ein del havørn, niser, havoter og ein og annan småkval. Det er òg ein del hjort og orrfugl på Byrknesøy.

I Barvågen på Byrknes ligg Gulen Fiskarbondemuseum, som er bygd opp slik eit fiskarbondebruk var på 1800-talet. I sjøbua er det eit museum med utstilling av gamle reiskapar ein nytta på den tida. Det er eit aktivt Ungdomaslag på Byrknes som heiter U/L Havgula. Dette laget vart stiftet så langt tilbake som i 1946 og tok i si tid initiativet til å få bygd samfunnshuset på Byrknes. Havgula eig i dag dette huset som er det kulturelle senteret på Byrknes.

Hovudnæringa på Byrknesøy er fiske, og det er fleire fiskebruk og oppdrettsanlegg på øya. Det vart òg drive ein del med sau.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet var Berholmen, som ligg litt nord for Byrknesey, eit livleg handelssenter og distribusjonsstad for fisk til Bergen. Seinare vart fleire av bygningane flytta til Byrknesøy. Fabrikken spesialiserte seg på hummar og krabbe og framstår saman med fiskeindustrien i Askvoll som eitt av to tyngdepunkt i den norske krabbeindustrien. Fabrikken vart lagd ned i 1970-åra.

Gjest Baardsen[endre | endre wikiteksten]

Mars 1822 sat meistertjuven Gjest Baardsen i arrest hos lensmannen i Gulen på Byrknes. 11. mars opplevde Vestlandet ein av dei verste stormane som har vore på kysten, kalla Den galne måndagen. Mange var sakna, mellom anna seks born som var ute på øyane vest for Byrknesøy for å samle lyng til fór for dyra. Dei fleste av mennene var ute på fiske og dei få som var att våga med det første ikkje å dra ut for å berge barna i det kraftige uvêret. Då fekk nokre av mødrene til borna overtalt lensmannskona til å sleppe laus Gjest Baardsen og medfangen Svend Brekke og sende dei ut for å berge borna. Gjest Baardsen fekk overtalt nokre av mennene som var heime til å vere med, og med fare for eige liv fekk dei redda i land alle borna. Ni fiskarar frå Byrknes skal ha mista livet i denne stormen.

Bygder[endre | endre wikiteksten]

Naustvågen ved Brimnes. Foto: Gunnar Buvik
  • Byrknes

Byrknes ligg på vestsida av øya. Her er det hamn godt verna bak to moloar, butikk og skule. Byrknes er ein av skulekrinsane i Gulen kommune.

  • Brimnes

Brimnes ligg sørvest på Byrknesøy, på vegen mot Gråvika som var det gamle ferjeleiet.

  • Vikingneset

Vikingneset ligg på søraustspissen av Byrknesøy. Her er det eit større hyttefelt. På sjølve Vikingneset står ein av overvakningsradarane for innseglinga til Mongstad Raffineri. På nordsida av Vikingneset ligg Gråvika med det gamle ferjeleiet på Byrknesøy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]