Byron Berline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Byron Berline
Fødd6. juli 1944 (75 år)
FødestadCaldwell
FødenamnByron Berline
OpphavCaldwell i Kansas i USA
AktivSidan 1960-åra
SjangerBluegrass
InstrumentFele, mandolin
Verka somMusikar

Byron Berline (fødd 6. juli 1944) er ein USA-amerikansk felespelar. Han er kjend for å spele alle typar amerikansk tradisjonsmusikk frå ragtime, bluegrass, Cajun og country til rock og meir.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han møtte Bill Monroe i 1965 og byrja å spele med bandet hans, Bluegrass Boys, året etter. I 1967 vart han med i Dillard & Clark på albumet Through the Morning, Through the Night og sidan vart han med i The Flying Burrito Brothers i 1971 og spelte inn to album med dei, Last of the Red Hot Burritos (Live) og Six Days On the Road: Live in Amsterdam. Etter Burritos vart oppløyst arbeidde Berline ein kort periode med Stephen Stills-bandet Manassas. Han skipa sjølv bandet Country Gazette tidleg i 1972, i lag med Alan Munde, Kenny Werz og Roger Bush.

I 1976 skipa han Byron Berline and Sundance i lag med gitaristen Dan Crary, banjospelaren John Hickman og andre. Dei gav ut eit album ddet året. Ein ung Vince Gill kom seinare inn i bandet på mandolin. Albumet Live at McCabes kom ut i 1978.

I slutten av 1980-åra skipa Berline bandet Berline, Crary, and Hickman i lag med John Hickman og Dan Crary. Seinare vart bandet kalla California, som vann fleire bluegrassprisar i byrjinga av 1990-åra. På slutten av 1990-åra skipa Berline den årlege Oklahoma International Bluegrass Festival, som er vorte ein av dei mest kjende bluesgrassfestivalane i USA.

Berline har spelt inn fleire soloalbum, mellom andre Fiddle and a Song. Dette vart i 1995 nominert til Grammyprisen for beste bluegrassalbum.

I løpet av karriere har Berline spelt med mange kjende musikarar, som The Rolling Stones, Bob Dylan, Elton John, The Byrds, Earl Scruggs, Dillard & Clark, Willie Nelson, Guthrie Thomas, Bill Monroe, The Flying Burrito Brothers, Doc Watson, John Denver, Gene Clark, Rod Stewart, The Eagles, The Band, Vince Gill, Gram Parsons, Emmylou Harris, Tammy Wynette, Alabama, Don Francisco, Mary Chapin Carpenter, The Dillards, Mason Williams, Stephen Stills, Bill Wyman, Manhattan Transfer, Joe Diffie, The Doobie Brothers, Lucinda Williams, Francois Vola, Mickey Gilley og Andy Statman.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Byron Berline & Sundance (1976)
  • Dad's Favorites (1977)
  • Live at McCabes (1978)
  • Byron Berline and the L.A. Fiddle Band (1980)
  • Outrageous (1980)
  • Berline, Crary, Hickman (1981)
  • Francois Vola (1983)
  • Night Run (1984)
  • B-C-H (1986)
  • Double Trouble (1986)
  • Now They Are Four (1989)
  • Jumpin' the Strings (1990)
  • Fiddle and a Song (1995)
  • Flatbroke Fiddler (2005)
  • Flying Fingers (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]