Bystasjonen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bystasjonen slik han såg ut før siste ombygginga. I dei tre høgdene over busshaldeplassane ligg parkeringshuset Bygarasjen.

Bystasjonen i Bergen er eit knutepunkt i sentrum av byen for kollektivtransporten, med rutebussterminal og haldeplass for bybanen (Bystasjonen haldeplass), og med overbygd fotgjengarpassasje over til jarnbanestasjonen, som ligg aust for Bystasjonen.

Bystasjonen inngår i eit bygningskompleks som femnar om eit stort parkeringshus i tre høgder for personbilar, og eit kjøpesenter kalla Bergen Storsenter.