Bystasjonen haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bystasjonen stasjon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bystasjonen
BergenBusstasjon.jpg
Den gamle busstasjonen, som no er heilt ombygd, der haldeplassen ligg i dag
Stasjonsområde
Stad Bystasjonen i Bergenhus i Bergen
Distanse 0,78 km. frå Byparken
Opna 22. juni 2010
Arkitekt CUBUS
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) BIBl1.png Bybanen
Operatør(ar) På vegne av Skyss:
Fjord1 Partner (2010-2014)
Keolis Norge (2014-i dag)
Rute(r) Byparken-Lagunen
Overgang
Buss Bystasjonen (Bergen busstasjon/Bergen Storsenter)
Tog Bergen stasjon

Bystasjonen er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergenhus bydel, og opna 22. juni 2010 saman med resten av haldeplassane på fyrste byggjesteget av Bybanen. Stasjonen ligg på Bystasjonen med tilkomst mellom anna gjennom Bergen Storsenter, òg kjend som Bergen busstasjon eller Busstasjonen. Jarnbanestasjonen Bergen stasjon ligg ikkje særleg langt frå haldeplassen. Men den næraste haldeplassen på bybanen for dei som skal skifte mellom tog og bybanen, er Nonneseter haldeplass, som ligg rett framfor den vestre inngangen til jarnbanestasjonen.