Bystranda i Kristiansand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°8′47.05″N 8°00′27.61″E

Bystranda framfor Aquarama ein varm sumardag.

Bystranda er ei badestrand i søraustre delen av Kvadraturen (Sentrum) i Kristiansand. Sandstranda består av finkorna sand. Bystranda har miljøsertifiseringa Blått Flagg.[1]

Ved Bystranda finst uteservering om sumaren, sitjegrupper, badetrapper, sandvolleyballbane, skaterampe, leikeapparat og toalett. Under opparbeidinga av badestranda vart det lagt vekt på at den skulle vere tilgjengeleg for born og funksjonshemma. Bystranda er populær på varme sumardagar. Nær Bystranda ligg det innomhus badeanlegget Aquarama.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mona Langset (24.05.2018). «Ny norsk strand har Blått Flagg». VG. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bystranda i Kristiansand