Bård Breivik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bård Breivik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1948
Bergen i Noreg
Død

10. januar 2016 (67 år)
Oslo

Yrke Kunstnar (bilethoggar)
Språk norsk
Far Thomas Breivik
Bård Breivik på Commons
Klosterenga Skulpturpark i Oslo
Bård Breiviks installasjon på Tusenårsstaden Gulatinget
Torgallmenningen i Bergen. Bård Breivik har utforma søyler og glastak langs husa frå 1920-talet.

Bård Breivik (23. november 194810. januar 2016)[1] var ein norsk bilethoggar og skulptør som vert rekna som ein føregangsmann innan konkrete objekt som skulptur. Han var fødd i Bergen og døydde i Oslo, der han då var busett.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bård Breivik var utdanna frå Bergens Kunsthåndverksskole (1967-1970), og Central Saint Martins College of Art and Designs i London (1970-1971). Han var ein av dei mest internasjonale og markante biletkunstnarane i Noreg, oppteken av handverkstradisjonar. Gjennom åra, etter fleire reiser verda rundt, studerte og brukte han ulike handverksteknikkar i arbeida sine. Han har om lag 70 utstillingar over heile verda bak seg, og verka hans er innkjøpt av museum og samlingar i Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika. Dessutan har han utført ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit større arbeid av Breivik i det offentlege rom er søylerekkjene av granitt som held oppe taka over fortauga langsetter husa på Torgallmenningen i Bergen. Då han døydde var i ferd med å utforme nye søyler i rustfritt blankt stål, ettersom dei opphavlege søylene ikkje motstod det bergenske klimaet.

Breivik stod òg bak utsmykkinga av Peter Egges plass i Trondheim, der mellom andre verka «Nålen», «Munken» og «Nonnen» inngår, og Klosterenga skulpturpark i Gamlebyen i Oslo, med «Den flerkulturelle plass» med skulpturar og basseng i austenden. Breivik har òg utforma Tusenårsstaden Gulatinget, som er eit monument over tingstaden der Gulatinget vart halde. Monumentet består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og vart høgtideleg opna siste helga i august i 2005.

Bård Breivik har vore professor i skulptur ved Kunstakademiet i Stockholm 1982-85. Han har budd og arbeidd i Oslo, Sibbhult i Sverige, New York og i Xiamen i Kina.

Separatutstillingar, prosjekt (i utval)[endre | endre wikiteksten]

Gruppeutstillingar, prosjekt, festivalar (i utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Third Beijing Art Biennale (2008)
  • Blickachsen IV, Bad Homburg v.d. Höhe (2005)
  • Rikshospitalet, Oslo (1997)
  • La Hora del Norte, Nordisk samtidskunst i Madrid (1995)
  • Juxtaposition, Charlottenborg i København (1993)
  • Sao Paulo Biennale (1991)
  • Wanås Slottspark (1990)
  • Socrates Sculpture Garden, New York (1990)
  • Kulturlandskap Nordland, Narvik (1990)
  • Dörrie Priess Gallery, Hamburg (1990)
  • «Northlands» MOMA, Oxford Trinity College i Dublin (1990)
  • «Meeting in the North» Kunstnernes Hus i Oslo (1989)
  • Forum, Hamburg (1989)
  • «3 Contemporary Norwegian Artists» Centro Culturale Arte Contemporaneo i Mexico (1988)
  • «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art i Tokyo (1987)
  • «Norealis» DAAD Galerie, Berlin (1987)
  • «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art, Tokyo (1987)
  • «La Biennale di Venezia»- Norges representant (1986)
  • «Nordanad» Musée des Arts Decoratifs- Paris & Malmö Konsthall (1986)
  • «Sculpture Unbound», New York (1986)
  • «Art in Norway Today», London (1985)
  • «Kunst in Norwegen Heute» Neue Galerie Aachen (1985)
  • «Borealis 2: The Nordi Biennial» Henie-Onstad Kunstsenter, Høvikodden (1985)
  • «ARS '83» Athenaeums Konstmuseum, Helsingfors (1983)
  • «Sleeping Beauty: Scandinavian Art Now», Guggenheim Museum i New York (1982-1983)
  • «Materia/Minne» vandreutstilling Lund/Helsingfors/København/Oslo (1981)
  • «Norwegische Kunst Heute» Kunsthalle zu Kiel (1981)
  • «LYN utstilling», Bergens kunstforening (1980)
  • «Shelter / Öga mot Öga», Liljevalchs Konstmuseum i Stockholm (1977)
  • «Ny Bergensskulptur», Oslo Kunstforening (1972)

Utsmykkingar[endre | endre wikiteksten]

Innkjøp[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bård Breivik er død». Aftenposten. 10. januar 2016. Henta 11. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]