Béla Tarr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Béla Tarr

Fødd21. juli 1955 (68 år)
FødestadPécs
Aktive år1971–
Verka sommanusforfattar, filmregissør, filmprodusent, regissør
MorMari Tarr
FarBéla Tarr
EktefelleÁgnes Hranitzky
PrisarKossuthprisen, Balázs Béla-prisen, Konrad-Wolf-prisen, Magyar filmkritikusok díja, Juryens Sølvbjørn, European Film Academy Honorary Award

Béla Tarr (fødd 21. juli 1955) frå Pécs i Ungarn er ein ungarsk filmregissør og manusforfattar.

Han spelefilmdebuterte i 1979, og fram til 80-talet regisserte han sosialrealistiske filmar som kan minne om filmane til John Cassavetes.

Dei siste tiåra har Tarr laga kunstfilmar med metafysiske tema og lange innstillingar. Filmane frå denne perioden minnar stilistisk sett om filmane til Theodoros Angelopoulos og skildrar ofte eit lite bysamfunn som gjennomgår store forandringar, der framande og utanforliggjande element er katalysatorar.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hotel Magnezit (1978) (fjernsynsfilm)
  • Családi tüzfészek (1979)
  • Szabadgyalog (1981)
  • Macbeth (1982) (TV-film)
  • Panelkapcsolat (1982)
  • Öszi almanach (1985)
  • Kárhozat (1988)
  • City Life (1990) (dokumentarfilm)
  • Utolsó hajó (1990) (kortfilm)
  • Sátántangó (1994)
  • Utazás az alföldön (1995) (kortfilm)
  • Werckmeister harmóniák (2000)
  • Visions of Europe (2004) (episodefilm der Tarr regisserte segmentet Prologue)
  • A Londoni férfi (2007)