Børt-Erik Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børt-Erik Thoresen

Fødd5. august 1932
FødestadDombås
Død10. april 2011 (78 år)
DødsstadLillehammer kommune
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, TV-personlighet
Gift medAase Nordmo Løvberg
BornOdd Arne Husum

Børt-Erik Thoresen (5. mai 193210. april 2011) var ein norsk TV-personlegdom, visesongar, musikar, låtskrivar og skodespelar frå Dovre. Thoresen var bror til Åse Thoresen.

Thoresen spelte både gitar og fiolin. Han platedebuterte i 1954, og gjorde mellom anna innspelingar med systera. Frå 1964 til 1968 jobba han som skodespelar, mest på Rogaland Teater, men også på Det Norske Teatret. Han spelte ofte i musikalar og operettar.

Han vart tilsett i underhaldningsavdelinga i NRK i 1968 og laga ei rekkje program rundt norsk folkemusikk og gamaldans. Frå slutten av 80-talet til 1992 jobba han ved OpplandsradioenLillehammer. Han var gift med operasongarinna Aase Nordmo Løvberg.

Plateinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Hei huskom i hei - utgitt på plateselskapet Nor-Disc
  • 1966: Viser ved peisen - med Åse Thoresen, Triola
  • 1969: Folkelige viser - med Åse Thoresen, Triola
  • 1974: Ekko fra Dombås - Triola
  • 1975: Børt-Erik Thoresen med nogo attåt - samleplate
  • 1978: Hjembygdas melodi - Triola
  • 1977: En visebukett - med flere artister, Philips
  • 1984-1988: Glade minner 1 – 3 (Glad Musikk) - med Åse Wentzel og Gunnar «GP» Pedersen
  • 1997: Børt-Erik Thoresen valser og viser seg.. - samleplate

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Viser ved peisen, Oslo 1978: Cappelen
  • Ekko fra Dombås (ca. 1960)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]