Büyükada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Büyükada
øy
Ein av hovudtorga på øya med statuen av Mustafa Kemal Atatürk.
Land  Tyrkia
Provins provinsen Istanbul
Distrikt Adalar
Del av Prinseøyane
Koordinatar 40°51′28″N 29°07′12″E / 40.85778°N 29.12000°E / 40.85778; 29.12000
Areal 5,4 km²
Folketal 7 320  (2000)
Postnummer 34970
Retningsnummer 0-212
Kart
Büyükada
40°51′28″N 29°07′12″E / 40.857777777778°N 29.12°E / 40.857777777778; 29.12
Wikimedia Commons: Büyükada

Büyükada (tyder «stor øy» på tyrkisk; gresk Πρίγκηπος eller Πρίγκιπος, Prinkipos eller Prinkipo) er den største av dei ni såkalla Prinseøyane i Marmarahavet, nær Istanbul, med eit areal på kring 5,4 kvadratkilometer. Ho høyrer offisielt til distriktet Adalar (øyane) i provinsen Istanbul i Tyrkia.

Det låg fleire gresk-ortodokse kloster på Prinkipos (no Büyükada) og dei omliggande øyane.

Eit nonnekloster på øya var eksilstad for dei bysantinske keisarinnene Irene, Eufrosyna, Zoë og Anna Dalassena. Det er nettopp denne serien av fyrstar (prinsar) som gav øya det greske namnet sitt.

Seinare vart òg medlemmar av den ottomanske sultanslekta til tider sendt i eksil til øya. Og etter deportasjonen sin frå Sovjetunionen i februar 1929 oppheldt Lev Trotskij seg fire år på Büyükada.

På 1800-talet vart øyane ein populært feriestad for dei rike i Istanbul, og viktorianske hytter og hus er framleis å skode på hovudøya Büyükada.

I Noreg er det mange som vil assosiere namnet Prinkipos med UKA ved Studentersamfundet i Trondhjem for 1969. UKErevyen Prinkipo vart det året kalla opp etter øya i Marmarahavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]