Hopp til innhald

Cédric Sorhaindo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cédric Sorhaindo


StatsborgarskapFrankrike
Fødd7. juni 1984 (41 år)
La Trinité
Idretthandball
Tok del i Sommar-OL 2012
Utmerkingar Ridder av Æreslegionen

Cédric Sorhaindo (fødd 7. juni 1984) er ein fransk handballspelar, fødd på øya Martinique i Karibia. Han er olympisk meister, firfaldig verdsmeister og dobbel europameister med det franske landslaget. I perioden 2005-20 deltok han i 220 landskampar for Frankrike og skåra 425 mål. Han vann EHF-meisterligaen tre gongar for spanske FC Barcelona og er spansk meister elleve år i rad med den same handballklubben. Sorhaindo er linjespelar.