Cølostat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cølostat er eit spegelsystem som dannar eit stasjonært ikkje-roterande bilete av sola under den daglege rørsla til sola over himmelen. Han består av to roterande planspegel. Primærspegelen følgjer sola og reflekterer lyset mot sekundærspegelen, som sender det vidare i ei fast retning.

Cølostaten går inn som ein viktig del av tårnteleskopet. Det er òg mogleg å sende sollys i ei særskild retning ved hjelp av berre éin roterande spegel, men då vil solbiletet dreia seg. Eit slikt instrument vert kalla ein heliostat eller siderostat.