Cúchulainn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cú Chulainn)
Cúchulainn teikna av John Duncan (1866-1945)

Cúchulainn, eller Cuchulain, er den fremste av dei tre førande heltane i irsk mytologi, dei to andre er Lug og Fionn mac Cumhaill. Han er den førande krigaren i Ulster-segnkrinsen, og var knytt til Raudegreina, ei særskild krigar-ætt som stamma frå Ross den raude. Conchobar mac Nessa høyrde til same slekta.

Cú Chulainn & the Bull

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Cúchulainn vart fødd i styringstida til Conchobar mac Nessa, og var son av møya Deichtine, dotter av Cathbad. Deichtine er òg omtalt som søster eller dotter av kongen. Ho var i eit følgje på femti møyar, som alle vart borte på underleg vis. Kongen leita etter dei i tre år utan hell. Ho vart attfunnen i eit slott ikkje lang frå haugen til guden Angus Óg, ikkje langt frå elva Boyne. Sendebodet, Fergus, merkte seg at ho var i lag med ein fager unggut, som synte seg å vera guden Lug, son av Ethlinn. Dette bodet kom han attende med til kongen, som baud at Dectera skulle koma attende med det same. Ho bad om utsetjing av di ho ikkje kjende seg bra. Same natta fødde ho eit gutebarn som vart funnen i ei hytte attmed elva. Barnet var ei gåve til Ulster, og vart fostra av morsøstera, Finchoom. Guten vart kalla Sétanta. Druiden Morann spådde stordom for guten.

Ein annan versjon fortel at Deichtine fekk i seg eit lite dyr då ho drakk vatn. Dette dyret var Lug og slik blei ho med barn. Ein tredje versjon seier at far til barnet var Conchobar mac Nessa, altså far eller bror hennar.[1]

Culanns vakthund[endre | endre wikiteksten]

Sétanta vart med tida send til Conor mac Nessa for å læra seg krigaryrket og høvisk framferd. Ein dag reiste kongen med hirden sin til eit gjestebod hjå smeden Culann i Quelgny. Setanta skulle halde lag med dei, men var midt i ein leik då kongen reiste, og han sa han skulle koma etter når han var ferdig. Soleis kom han først fram til Culann om kvelden, medan festen var i full gang. Då høyrde festlyden eit ståk utanfor dørene til halla, og at den store hunden hans Culann bjeffa mot einkvan framand. Snart vart ståket til lyden av kamp, og då festlyden kom ut, såg dei guten Setanta stå einsam med hunden daud attmed seg. Setanta hadde gripe hunden i strupen og drepe han. Krigsmennene undra seg, men Culann sørgde hunden sin, og Setanta baud seg til å vakte garden i staden for hunden. Dette gav han namnet han seinare bar: Cúchulainn (hunden hans Culann).

Kva namna hans eigentleg tyder er omdiskutert. Sétanta er sett i samband med det folket i det nordvestlege Britannia som av romerske kjelder blei kalla Setantii. Namnet på kastespydet hans, Gáe Bulga, er sett i samband med den galliske stammen Julius Caesar kallar Belgae.

At Cúchulainn skulle tyde Culanns vakthund er òg omstridt. Ei anna omsetting er «vogn-krigar», frå det gamle ordet cul, stridsvogn, og at historia med hunden er ei seinare forklaring på namnet.[2]

Cúchulainn får seg våpen[endre | endre wikiteksten]

Då Cúchulainn var nærpå vaksen, var det ein dag han kom framom huset der druiden Cathbad budde. Nett då lærde druiden bort trolldomskunstene sine, og Cúchulainn høyrde han spådde at den som tok våpen nett den dagen ville verte den fremste krigsmannen i Irland, men livet hans ville verte stutt. Etter dette gjekk Cúchulainn til kongen og bad om våpen, og kongen gav han to store spjut. Desse gjekk i filler i hendene hans, og ingen andre våpen monna før kongen gav han sine eigne våpen og si eiga vogn.

opplæring[endre | endre wikiteksten]

Cúchulainn var vaksen til ein fager ung mann, og mange jenter bela til han, men han vart fest ved Emer, dotter av Forgall, drotten i Lusca, men Emer ville ikkje gifte seg før eldre søster si, og Cúchulainn laut vente. I mellomtida fór han til Skuggelandet for å syne storverk, slike som Emer hadde kravd av han, og kjempa mot ei stridsmøy der som heitte Skatha. Han var hjå Skatha i fire år, og lærde mykje av henne. Ho gav han det spjutet han helst nytta sidan, Gáe Bulga, som var særs dugande. Han svor og evig venskap med Ferdia, og seinare gjorde dei mange storverk i lag.

Storverk[endre | endre wikiteksten]

Cúchulainn er kjend for ei lang rekkje storverk, og åtte eit drag som minner noko om berserkergangen. Når krigshugen kom over han, voks han til dobbel storleik og vart ikkje til å kjenne att. Då kunne han vinne på ein heil krigsmakt i venda. Elles var han som ein noko småvaksen unggut. Med tida vart han den fremste helten i Irland, slik det var spådd.

Overlevering[endre | endre wikiteksten]

Cúchulainn er helst rekna som nasjonalhelt for Ulster, og mykje av segnkrinsen knytt til han er funne her. Den mest kjende samlinga med forteljingar er kalla Táin bó Cuailngne, eller Kvegrovet i Cooley. Desse sogene og andre som gjeld denne helten og folket kring kongen Conor, er rekna som den andre av tre store segnkrinser i irsk mytologi.

Moderne minningar[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid var Cú Chulainn knytt til den irske reisinga mot det engelske herreveldet, ei statue av han står i General Post Office i Dublin som eit minne om påskeopprøret i 1916. I Nord-Irland blir han også nytta som symbol på motstand mot åtak frå sør av britisk-venlege lojalistar.

Segna om Cúchulains sjukelege er minna i rockelåta At the sickbed of Cúchulain som vart spela inn av The Pogues.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. MacKillop, Myths and legends of the Celts, London: Penguin, 2005. S. 193-4
  2. MacKillop, James. 2005. Myths and legends of the Celts. London: Penguin. Side 193.