Radiokarbondatering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå C-14-datering)

Radiokarbondatering, karbondatering eller C-14 metoden («karbon-fjorten»-metoden) er ein metode for datering av organisk materiale. Metoden er basert på at alle levande organismar inneheld ein liten konsentrasjon med den radioaktive karbonisotopen 14C. Så lenge organismen er i live, er mengda av radioaktiv 14C frå næringsinntak konstant. Når organismen døyr, tek han ikkje lenger opp radioaktivitet, og mengda 14C i organismen går langsamt ned. Karbonisotopen med atomvekt 14, har ei kjend halveringstid på 5 730 år, som tyder at etter denne tida er berre helvta av mengda 14C tilbake. Ved å isolere karbonet i prøven og måle mengda radioaktivitet i høve til ferskt organisk materiale kan ein dermed rekne ut kva tid organismen levde. Fordi halveringstida er 5730 år, blir 14C-konsentrasjonen etter kring 50 000 år så liten at han er vanskeleg å måle.

Kalibrering[endre | endre wikiteksten]

For å kunne finne alderen på organisk materiale i kalenderår ved hjelp av radiokarbondatering, må ein take omsyn til at mengda av 14C ikkje har vore den same heile tida og på alle stader på jorda. Den rette alderen rekna i kalenderår kan finnast ved at ein held 14C-alderen saman med kalibreringskurver som gjer greie for mengda av denne isotopen i dei aktuelle tidsromma. For å kome fram til slike kalibreringskurver, har ein nytta materiale frå ulike tider som kunne tidfestast ved hjelp av andre metodar, og som òg har i seg dei endringane i 14C-isotopen som ein skal tidfeste. Til dette har ein mellom anna nytta årringsdatering av gamle furutre av artane Pinus longaeva og Pinus aristata, som kan leve i meir enn fire tusen år. Frå slike levande og døde gamle tre har ein målt isotopfordelinga i dei ulike årringane 10.000 år attende.

Ukalibrerte radiokarbondateringar, som òg vert kalla «C14-år», vert ikkje oppgjeve som talet på år før eller etter Kr., men som talet på år BP, som tyder talet på år før notida (before present), som i denne samanhagen er 1950, det året ein tok til å nytte metoden. Tidfestinga er aldri eksakt, men har ein feilmargin som etter eldre metodar kunne vere ±200 år, medan moderne metodar kan gje feilmarginar på ±50 år. Difor vert ei ukalibrert datering oppgjeven med den aktuelle feilmarginen, til dømes som 4500±60 BP, som skal lesast på det viset at alderen ligg ein stad mellom 3900 og 5100 før notida, rekna i «C 14-år». Feilmarginen vert medteke når tidfestinga er omrekna til kalenderår, slik at den kalibrerte dateringa vert oppgjeve som eit intervall, til dømes «3340 - 3090 f.Kr.». Avhengig av svingingane i kalibreringskurva kan det vere vanskelegare å gje gode dateringar rekna i kalenderår for somme tidsrom i høve til andre tidsrom. Til dømes vil ei ukalibrert datering med feilmargin på ±60 «C 14-år» kunne strekke seg over så mykje som 250 kalenderår i kalibrert form.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]