Carl Julius Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå C.J. Evensen)
Carl Julius Evensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1851
Oslo, Drøbak
Død

3. oktober 1937 (85 år)
Brooklyn

Yrke oppdagar

Carl Julius Evensen (3. desember 18513. oktober 1937) var ein norsk ishavsskipper og oppdagar.

Han var fødd i 1851 i Sandefjord. Han utforska Antarktis i lag med mellom andre Carl Anton Larsen, og i 1893 nådde han Den antarktiske halvøya med dampbarken «Hertha» ved 69° 10ʹ sørleg breidde. Reisene til Evensen og Larsen var medverkande til å vekke interessa for utforskinga av Antarktis.[1] Mellom anna oppdaga han truleg Hugo Island.

Han har fått Cape Evensen og Evensen Nunatak i Antarktis kalla opp etter seg.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Carl Julius Evensen var gift med Severine Marie Jensen i 1879. Karl var skippar og budde i Oslo og Sandefjord. Carl og Severine fekk åtte barn i alt, og dei fleste emigrerte til USA.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henriksen, Petter, red. (2007). «Carl Julius Evensen». Store norske leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 16. desember 2912. 
  2. «Karl Julius Evensen». Ancestry. Henta 11. juli 2012.